Nedsett funksjonsevne er berre opplevd
Ny forsking frå UiB syner at den nedsette dagtidfunksjonen hjå insomnipasientar er subjektiv - objektivt sett presterer ikkje denne gruppa dårlegare enn testpersonar som søv godt.
Det er professor II Børge Sivertsen ved Det psykologiske fakultet som melder denne gledelege oppdaginga til nettavisa På Høyden.
- Det var overraskande ikkje noko skilnad i prestasjon på dei nevropsykologiske testane mellom dei som hadde insomni og dei utan. Eldre med insomni rapporterte likevel subjektivt dårleg minne og meir symptom på depresjon enn eldre utan insomni, fortel Sivertsen.
Funnet vart gjort på eit forskingsprosjekt leia av professor Astri Lundervold ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, der målet var å kartleggje korleis eldre insomnipasientar presterer på dagtid. Resultata av nevropsykologiske testar vart samanlikna med pasientane si subjektive oppleving av dagtidfunksjon, og synte at dei kjente seg meir utsett for depresjon og dårleg minne enn det dei objektivt sett presterte på testane.
Sivertsen meiner likevel at gruppa som opplever nedsett funksjonsevne likevel må takast på alvor, sjølv om det ikkje er funne bevist for objektivt målt nedsett dagtidsfunksjon.
- Vi må passe oss for å ikkje stigmatisere gruppa med insomni. Det er ei reell fare for psykologiske plager for dei som lid av søvnproblem, seier han til På Høyden.
I følge Sivertsen tyder tidlegare undersøkingar på at det kan vere vanskelegare for personar med insomni å gjennomføre svært komplekse oppgåver. Neste steg i forskinga er derfor å finne ut kor grensa går før søvnproblema spelar inn.
Sist endret: 9.5.2012
Nyheter fra Det psykologiske fakultet
- Vil du bli lærer? (15.03.2013)
- Avslutningsseremoni - starten på noko nytt (01.07.2013)
- "Hukommelsesgen" spiller dobbeltrolle (21.06.2013)
- Nye medlemmer av fakultetsstyret (10.06.2013)
- Et vellykket symposium! (22.05.2013)
Relaterte nyhetssaker
- Vinner av årets publikasjon innen søvn: Janne Grønli (21.02.2013)
- Middagslur kan ødelegge nattesøvnen (20.06.2012)
- Ansatt i ti prosent – gir 110 % (21.05.2012)
- Søvnproblemer som følge av arbeidstidsordning (13.04.2012)
- Fra B til A-menneske (09.03.2012)
- Nevropsykologi
- Insomnia
- Eldre
- Søvn