Gå til innhold
English A A A
01.07.2013 Nyhet

Avslutningsseremoni - starten på noko nytt

Den 21. juni heldt Det psykologiske fakultet for første gang ein felles høgtideleg avslutningsseremoni for meir enn 100 studentar på høgare grad.

vitnemålsseremoni psykologisk fakultet

Full sal på avslutningsseremonien for kandidatane som avla høgare grad ved Det psykologiske fakultet 21. juni 2013. Foto: Ingunn Voster

Vitnemålsutdeling psyk 2013

Dekan Jarle Eid overrakte kvar einskilt kandidat sitt velfortente vitnemål. Foto: Hanne Solheim

Ole Magnus Vik

Psykologkandidat Ole Magnus Vik stod for studentane sin tale på avslutningsseremonien. Foto: Hanne Solheim

Seremonien inneheldt talar frå dekan og studentane sin representant, musikk av Griegakademiet og ikkje minst utdeling av vitnemål. Kandidatane var invitert til å ta med seg gjester, noko som sørga for at Egget i Studentsenteret var fullsatt under heile markeringa. Nokre gjestar kom eins ærend heilt frå Bangladesh for å få med seg den høgtidlege hendinga.

Nye utfordringar ventar

Markeringa vart innleia med tale frå dekan Jarle Eid, som synte til kva som har skjedd i samfunnet i løpet dei 5-6 åra kandidatane har brukt på utdanninga si, mellom anna bybanebygging og finanskrise i Europa. Eid haldt med dette fram at ein aldri kan vite kva som kjem til å skje i framtida, og at utdanning berre er eitt av mange steg i livet, men at dei som var samla til markering i dag hadde greidd å fullføre eit langt utdanningsløp og no var klare for det neste steget. Dette var òg eit poeng i psykologkandidat Ole Magnus Vik sin avrundande tale, som oppmoda sine medstudentar til å gjere si stemme høyrt i arbeidslivet og peika på at nye utfordringar no venta.

Høgtidleg utdeling av vitnemål

For mange var nok utdelinga av vitnemål eit høgdepunkt i seremonien. 100 kandidatar fordelt på sju studieprogram kom fram og fekk vitnemålet på fullført høgare grad av dekanen. I tillegg til profesjonsstudiet i psykologi og praktisk pedagogisk utdanning, var masterprogramma i barnevern, gender and development, helsefremjande arbeid, logopedi og pedagogikk representert.

Neste avslutningsseremoni ved fakultetet blir for bachelorkandidatane den 6. september.

Avslutningsseremoni Psykologi 2013

Masterkandidatar ved Det psykologiske fakultet med sine vitnemål. Foto: Hanne Solheim

Sist endret: 1.7.2013