Katarsis
Katarsis er eit tidsskrift for studentar ved Det psykologiske fakultet. Det kjem ut to gongar i semesteret. Vi som står bak tidsskriftet er ein gjeng frå dei ulike studieprogramma på fakultetet. Profesjonsstudentane er pr. idag i fleirtal, og vi ønsker oss difor fleir representantar frå andre program. Både erfarne og nybyrjarar er velkomne! Vi har vanlegvis to møter i forkant av kvart utgjeving, og ei lita feiring etter at bladet er ute.
Oppgåvene i Katarsis er mange og varierte; ein kan drive med alt frå skriving, fotografering og illustrering til meir tekniske utfordringar som grafisk utforming av papirutgåva og administrering av bladet si nett-utgåve. Katarsis har eit digitalt speglreflekskamera til bruk for fotografane. Vi gir også opplæring i den grafiske utforminga (Adobe InDesign) og administrering av nett-utgåva.
Tekstene i tidsskriftet varierer både i stil og tematikk. Ta gjerne ein kikk på nettsida vår; katarsis.uib.no, for å sjå på tidlegare utgåver.
Er dette noko for deg? Kontakt oss på katarsis@uib.no !
Sist endret: 3.12.2008
Tilhører
- Katarsis
- Tidsskrift