Sjekkliste for nye masterstudentar
Dette må du hugse å gjere FØR studiestart og VED studiestart.
FØR studiestart
Før semesterstarten i veke 33 må du
- takke "ja" til studieplassen. Svar på SøknadsWeb innan oppgjeve frist.
- hente ut studentnummeret ditt frå StudentWeb. For å logge på StudentWeb, treng du fødselsnummeret ditt og ein firesifra PIN-kode. Om du ikkje har PIN-kode frå før, får du denne ved å gå til StudentWeb, skrive inn fødselsnummeret ditt, og klikke på knappen 'Send PIN-kode med e-post'. PIN-koden blir då sendt til den e-postadressa du oppga då du søkte om opptak.
- hente ut betalingsinformasjon frå StudentWeb og betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB).
- søkje om studielån hjå Lånekassen.
- gjere deg kjent med UiB sine nettsider og nettsidene til Det psykologiske fakultet.
VED studiestart
Når semesteret startar i veke 33 må du
- delta på orienteringsmøtet.
- delta på velkomstseremonien på Muséplass og bli kjent med studentorganisasjonane på Studentsenteret 13. august.
- semesterregistrere deg (melde deg til undervisning og vurdering) på StudentWeb innan 1. september.
- opprette brukarkonto slik at du kjem inn på alle IKT-tenestene ved UiB.
- logge deg på Mi side for å få din personlege timeplan, førelesningsnotater, meldingar om undervisning og eksamen m.m.
- tinge studentkort hjå Kortsenteret. Studentkortet er, i tillegg til identifikasjon, nøkkelkort og lånekort hjå biblioteket.
Sist endret: 10.5.2013
Tilhører
- Utdanningsadministrasjonen
- Student