Studiemoglegheiter i utlandet for studentar ved Det psykologiske fakultet
Kor du kan reise og korleis du førebur deg til eit utvekslingsopphald varierer med kva studieprogram du tilhøyrer.
Les meir om moglegheitane dine i menyen til høgre.
-
Utveksling på bachelorprogram
Det psykologiske fakultet oppfordrar alle studentar å reise på utveksling i eitt eller to semester. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta deler av bachelorgraden din i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa.
-
Utveksling på masterprogram
Per i dag er det berre masterprogrammet i logopedi ved Det psykologiske fakultet som har avtale om utveksling.
-
Utveksling på psykologstudiet
På det femårige psykologstudiet kan du reise på utveksling i eitt eller to semester, og til dømes ta eksternpraksisen ved eit utanlandsk universitet.