Hausten 1998, Modul 1
Velg ei av dei to oppgåvene, anten:
Drøft det religionsvitskapelege omgrepet "gud". Gjer deretter greie for gudsførestellingar i jødedommen.
eller:
Drøft det religionsvitskapelege omgrepsparet "reinleik/ureinlek". Korleis ytrar førestellingar om reinleik og ureinleik seg i islam?
Våren 1999, Modul 1
Velg ei av dei to oppgåvene, anten:
Korleis ytrar førestellingar om reinleik seg i jødedommen? Diskuter desse førestellingane sin funksjon i denne religionen.
eller:
Gi ei framstilling av den islamske pilegrimsferda med utgangspunkt i dei religionsvitskaplege kategoriane rite, myte og reinleik.
Våren 1999, Modul 2
Velg ei av dei to oppgåvene, anten:
Religion i møte med det moderne. Drøft religionens rolle som "reaksjonær" og "samfunnsbyggande" faktor i ein global sosio-politisk situasjon.
eller:
Diskuter det religionsvitskaplege omgrepet "gud". Drøft om dette omgrepet kan vera fruktbart i tilnærminga til buddhismen.
Hausten 1999, Modul 1
For kandidatar med særpensum Religion
og migrasjon:
Velg ei av dei to oppgåvene,
anten:
Med grunnlag i eit religionsvitskapleg perspektiv, gjer greie for islams forhold til dei eldre monoteistiske skriftreligionane jødedommen og kristendommen.
eller:
På kva måtar kan migrasjon og diasporatilvære verka inn på ein religion? Diskuter og belys med døme frå både fortid og samtid.
For kandidatar med særpensum Religion
og politikk:
Velg ei av dei to oppgåvene,
anten:
Med grunnlag i eit religionsvitskapleg perspektiv, gjer greie for islams forhold til dei eldre monoteistiske skriftreligionane jødedommen og kristendommen.
eller:
Presenter og drøft Hallencreutz og
Westerlunds samanliknande modell over religionspolitikk, og illustrer
med døme.
Hausten 1999, Modul 2
Velg ei av dei to oppgåvene, anten:
Religion i den moderne verda. Drøft temaet med hjelp av omgrepa "globalisering", "religiøs marknadsplass", "modernisme" og "antisekularisme".
eller:
"Hinduismen er ikkje éin religion,
men mange." Drøft påstanden og illustrer med
døme.
Hausten 1999, Modul 3
Velg ei av dei tre oppgåvene, anten:
Gjer greie for hovudtrekk av samisk religion. Kva kildeproblem står religionsforskaren overfor? Illustrer med døme.
eller:
Gjer greie for karakteristiske trekk ved det sakrale kongedømme.
eller:
"I den gamalegyptiske religionen var døden viktigare enn livet." Drøft påstanden. Illustrer med døme.
Våren 2000, Modul 1
Velg ei av oppgåvene, anten:
Gjer greie for myte, ritual, gudsforestilling og reinleikssystem som religionsvitskaplege omgrep. Vis korleis desse teoretiske omgrepa kan nyttast for å beskriva islam eller jødedommen som ei samanhengande religiøs verd.
eller (for kandidatar med særpensum
Religion og politikk):
Drøft forholdet mellom religion og politikk med basis i
pensumlitteraturen.
eller (for kandidatar med særpensum
Religion og migrasjon):
Drøft forholdet mellom religion og migrasjon med basis
i pensumlitteraturen.
Våren 2000, Modul 2
Velg ei av dei to oppgåvene, anten:
Gi ei framstilling av hinduismens verds- og menneskesyn.
eller:
Drøft omgrepa «nye religiøse rørsler» og «nyreligiøsitet», og diskuter faglege utfordringar i studiet av desse fenomena.
Våren 2000, Modul 4
Velg ei av dei to oppgåvene, anten:
Drøft Peter Bergers teori om forholdet mellom religion, samfunn og røyndom.
eller:
Gjer greie for ulike synspunkt på religionsskifteproblematikken med grunnlag i pensumlitteraturen om religionsskiftet i Norden.