Internettet skal vera eit av fleire medium som du som fjernstudent skal kunna bruka for å holda i gang kontakt med fagmiljøet ved Seksjon for religionsvitskap, men også med medstudentane dine. I tillegg til den private kontakten du har med den fagansvarlege ved sekjonen, via telefon, e-post, eller brev, kan du senda inn spørsmål, kommentarar, og debattinnlegg, som kan bli gjort tilgjengelege for dei andre studentane, i denne delen av heimesidene.
I den faglege postkassa kan du:
Vi vil legga ut spørsmål som kjem inn til fagansvarleg, og som vi meiner alle bør få vita svar på, eller som alle bør tenka over, og vi vil komma med eventuelle andre faglege innspill.
Vi har gjort tilgangen til postkassa passordbegrensa for at du skal føla deg fri til å lufta alle slags faglege spørsmål. Det er altså berre medstudentane dine og den fagansvarlege som les det du skriv. Før du tar Postkassa i bruk bør du studera Rettleiing for bruk av den faglege postkassa nøye.
Du kjem til den faglege postkassa via lenka Postkassa til venstre, og ved å skriva inn det brukarnamnet og passordet du har fått tildelt. Har du spørsmål om postkassa kan du venda deg til Richard: richard.natvig@krr.uib.no.