Hjem

Studieadministrativ avdeling

Kvalitetshandboka

Universitetet sitt kvalitetssikringssystem er etablert for å vedlikehalde studiekvaliteten, og vidareutvikle denne kvaliteten på ein måte som kan dokumenterast. Systemet femner vidt og omfattar alle prosessar som har innverknad på studiekvaliteten.

Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia skal tene som grunnlag for det systematiske arbeidet ved universitetet med vedlikehald og vidareutvikling av kvaliteten i utdanningane.

Handboka kom første gong ut i februar 2004, vart revidert i 2006 og 2010, og den siste reviderte utgåva kom ut i juni 2013.

Last ned 'Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia' her.