Springbrettet
Studentane har sjølv starta sin eigen karriereorganisasjon - Springbrettet.
Springbrettet - Bergensstudentenes karriereutvalg arbeider for å gjere avstanden kortare mellom studentar og arbeidsliv.
Organisasjonen består av om lag 40 aktive studentar, som arbeider for at du som student skal tenkje framover og gjere deg opp ei meining om kva du ønskjer å jobbe med når du er ferdig med studiane.
Ein av dei viktigaste aktivitetane deira er den årlege Karrieredagen, som blir arrangert i månadsskiftet september/oktober. Karrieredagen er tverrfagleg og for alle studentar i Bergen. Dette er eit svært stort og ikkje minst populært arrangement Her får bedrifter og studentar høve til å treffast for å bli kjend og knyte kontaktar. Springbrettet er åleine om ansvaret for dagen, men organisasjonen har òg eit godt samarbeid med Karrieresenteret, Sparebanken Vest og Bergen Næringsråd.
Innblikk! er ein omvendt bedriftspresentasjon, der Springbrettet tek med seg studentar ut til bedrifter for å vise dei ulike sider og moglegheiter ved arbeidslivet i Bergen.
I tillegg til alt dette har organisasjonen lansert Springbrettfondet som gir studentar moglegheit til å søkje om midlar til ulike arrangement. Hovudfokuset er tiltak som fremjer samarbeid mellom studentar og arbeidslivet i Bergen. Fondet har tildeling éin gang i semesteret.
Sist endret: 8.11.2011
- Karriere
- Innovasjon
- Yrkesval