Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Nye undervisingsmetodar

Leverer film heller enn essay

Når studentane fekk bytte ut den klassiske innleveringsoppgåva leverte dei føredrag om boarar i Sør-Afrika, radioinnslag om LGBT-rettar og ein «road movie» om politisk deltaking på Utsira.

film
Bilete frå ein «road movie» om politisk deltaking på Utsira, produsert av Elisabeth Haugland Austrheim, Sofie Aumann, Ragnhild Hoff Eilertsen og Victoria Engebretsen.

Hovedinnhold

Bergen Student-TV fanga opp denne saka. Trykk her for å lese artikkelen og sjå innslaget

Studentane på emnet SAMPOL107 «Politisk mobilisering» har i inneverande semester fått høve til å bytte ut den klassiske skriftlege innleveringsoppgåva med noko anna. Mange av studentane tok utfordringa på strak arm og resultatet er videoar, radioinnslag og føredrag. Torsdag fylte dei ei totimars førelesing i «Egget» på Studentsenteret for å vise alle innnleveringane.

«Flipped classrom»
- Det er ein trend i høgare utdanning for tida som heiter ‘flipped classroom’. Det går ut på at førelesingane skal brukast til at studentane får diskutert og drøfta det stoffet dei har arbeidd med heime før førelesingane, seier professor i samanliknande politikk, Kristin Strømsnes, som gav studentane utfordringa.

- Dette er min versjon av ‘flipped classroom’. I denne førelesinga set eg meg i publikum og studentane tek podiet, seier Strømsnes.

Road movie, radio og føredrag
Den første filmen ut var ein «road movie» om politisk aktivitet på Utsira, produsert av Elisabeth Haugland Austrheim, Sofie Aumann, Ragnhild Hoff Eilertsen og Victoria Engebretsen (sjå bilete over og til høgre), som hadde køyrt til Utsira og intervjua sirabuar om kva forhold dei har til politisk aktivitet.

Studentar presenterte også animasjonsfilm om miljørørsla og ein film om Greenpeace, samt eit radioinnslag om LGBT-rettar og to føredrag: eit om ideen om Boerstaten (Sør-Afrika) og eit om Donald Trump.