Hjem

Senter for alders- og sykehjemsmedisin

forskning

Heimedød i Noreg

Kva skjer før ein person dør? Studien Heimedød i Noreg inkluderer alle dødsfall i løpet av ein periode på to år.

Gammel dame + lege

Lege på hjemmevisitt
Illustrasjonsfoto: I Noreg døyr omlag 40 000 personar årleg; 49 % på sjukeheim, 32 % på sjukehus og berre 14 % heime.

Heimedød, eller å vere trygg heime så lenge som mogleg, har lenge vore framheva som eit ideal for livets siste dagar. Internasjonalt er det godt dokumentert at fleirtalet av befolkninga ønsker å døy heime med familien rundt seg.

I Noreg døyr omlag 40 000 personar årleg; 49 % på sjukeheim, 32 % på sjukehus og berre 14 % heime. Nasjonalt råd for prioritering i helse- og omsorgstjenesten finn manglar i kunnskap om kva faktorar som sikrar god palliativ behandling i kommunehelsetenesta, og korleis pasientane sine behov blir møtt i dag. Det er gjort lite forsking på heimebuande ved livets slutt. Me vil derfor undersøke forhold ved livets slutt/dei siste tre månader før død for den norske befolkninga.

Heimedød i Noreg er ei populasjonsbasert retrospektiv registerstudie som inkluderer alle dødsfall i Noreg mellom 01.01.2012 og 31.12.2013. Me vil studere kva som skjer med personar dei siste tre månader før død, og samanlikne heimedød, død på sjukeheim, sjukehus og anna stad.

Me er spesielt interessert i ny kunnskap om heimedød, helsetenesteforbruk, kva fastlegar og legevakt bidrar med. Dette inkluderer også sosioøkonomiske forhold, kva pleie og omsorg som blei gitt, opphald på sjukeheim eller sjukehus, kontaktar med fastlege og legevakt, samt kva medikament som blei føreskrive.