For nittande gong arrangerte Senter for etter- og vidareutdanning ved UiB fagleg-pedagogisk dag fredag 6. februar, og om lag 1600 lærarar hadde sett av dagen.
Positiv respons Knut Olav Aslaksen, leiar ved Senter for etter- og vidareutdanning, er godt nøgd med gjennomføringa av fagleg-pedagogisk dag, og har fått mykje positiv respons på tilbodet, mellom anna frå Utdanningsforbundet.
– Tilbakemeldingane går på at lærarane set pris på å ha fridom til å velje frå ein så rikhaldig meny, seier han.
I år inngjekk omlag 80 ulike tema i programmet. Lærarane fekk mellom anna siste nytt innan klimaspørsmål, og informasjon om kvinners rettsstilling i islam.
Andre dagsakuelle tema tok mellom anna opp finanskrisa, valet av Obama som president, situasjonen i Gaza og om tilrettelegging for minoritetselevar i skulen.
Vi har lagt ut notater frå mange av årets forelesingar, dei finn du HER.
Program for Fagleg pedagogisk dag fredag 5. februar 2010 vil komme her 1. januar 2010.