Hjem

Senter for kvinne- og kjønnsforskning

Bachelor-sermoni 2017

Gratulerer med fullført grad!

Onsdag 14 juni var det duka for eit av vårens vakraste eventyr ved det Humanistiske fakultetet, då den høgtidelege sermonien for årets bachelorkandidatar vart halden i Universitetsaulaen.

bachelor_seremoni_2017.jpg

Bachelorkandidatane ved SKOK
Bachelorkandidatane ved SKOK skåler med senterleiar Christine M. Jacobsen. Fra venstre: Camilla Kitty Karlsen, Rebecca Staurset, Christine M. Jacobsen og Erika Eidslott.
Foto:
Tomas Salem

Senterleier ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK), Christine M. Jacobsen, gratulerte dei uteksaminerte kandidatane i Kjønnsstudier: - Kjære bachelor-kandidatar, på vegne av SKOK vil eg overbringe dei varmaste gratulasjonar med å ha fullført bachelorgraden dykkar. Gjennom studiet har de lært dykk evna til kritisk refleksjon, til å snu opp ned på ting, og riste i vedtekne sanningar. Det er kunnskap som eg er sikker på kjem til å være til stor nytte for de sjølve, og for samfunnet.

Etter endt program i Universitetsaulaen, blei det tid til mingling og champagne i Christie Café, der me prata med SKOK sine nyutdanna bachelorar, Erika Eidslott, Camilla Kitty Karlsen og Rebecca Staurset. Dei har det siste semesteret fordjupa seg i ulike fag og tematikker. Eidslott og Karlsen er no utdanna kjønnsvitarar med spesialisering i Historie. Begge har i sine bacheloroppgåver sett på samarbeidet mellom feministiske rørsler og eugenikk tidleg på 1900-talet, men med ulikt fokus (du kan lese meir om Eidslott sitt prosjekt ved å følgje lenka nederst på sida). Likevel innrømmer dei at dei har samarbeida ein del både med oppgåvene, og elles i studietida. - Me tenkjer veldig likt, har teke alle fag saman, og fått same karakter, seier Eidslott. - Ja, mange har nok trudd at me er eit par. Me har til og med hatt forelesarar som har spurt oss om dette, humrer Karlsen. - Eg kan jo nytte anledninga for å avkrefte at me er i eit forhold, skyt Eidslott kjapt inn og ler. 

Staurset velde å spesialisere seg i Sosiologi, og har i si bacheloroppgåve analysert kjønnsnormene i den amerikanske samlivsboka Prevention and Relationship Enhancement Program (PREP). - Konklusjonen var kort fortalt at den er ganske konservativ og heteronormativ, seier Staurset. Ho vil fortsetje med kjønnsstudier, og til hausten skal ho ta emna KVIK206: Kjønn og seksualitet i ein global kontekst ved SKOK og Hekseprosessane og den magiske verda ved Institutt for kulturvitenskap. Så er planen å studere sjukepleie og samlivsterapi med mål om å bli samlivsterapeut. - Ja, då sjåast me vel att om 6 år når eg har fått meg kjæreste, seier Karlsen til latter frå alle. Eidslott og Karlsen skal sjølvsagt fortsetje det gode samarbeidet, og har begge meldt seg opp til masterprogrammet i Historie ved UiB. Dei ynskjer også å videreføre fokuset på kjønn, men er usikre på om tema blir felles også for masteroppgåvene.

Dei tre kandidatane har gode minner frå studia ved SKOK, og trekk fram både det faglege og sosiale som høgdepunkt frå studietida. Dei nemner mellom anna då dei lærte om dekonstruksjon, då dei "vakna" etter fadderveka med eit drøss av nye venner som dei ikkje hugsa korleis dei var blitt kjende med, og då Kari Jegerstedt viste dei ein video av Zizek seie "Fuck Lacan!", etter at dei hadde pint seg gjennom den franske psykoanalytikaren sine tunge tekstar. Mellom alle vitsane og latteren blir det klart at dei har hatt stort utbytte frå tida som student ved SKOK. Og Lacan? Ja, han har dei endeleg også forstått!