Hjem

Senter for kvinne- og kjønnsforskning

Om studie i kvinne- og kjønnsforskning

Kva er kjønn? Korleis opererer kjønn i samfunnet og i kulturen? Vert forståinga vår av kjønn endra over tid, og vert den endra i møtet med andre etniske og religiøse grupper? Kan film, litteratur og kunst skape alternative former for kjønn?

Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK) tilbyr Bachelorprogram i kjønnstudium og Årsstudium i kjønn, seksualitet, og mangfald, samt ei rekkje emner om kjønn som kan inngå i andre bachelor- og masterprogram. I tillegg tilbyr SKOK fleire kurs som i første rekke er tilrettelagt for Ph.D-kandidatar, men som også er opne for masterstudentar.

Problemstillingar knytte til kjønn og seksualitet kan vere ein nøkkel til å forstå både menneska og det samfunnet vi lever i. Kjønnsstudiet undersøker ei rekke historiske og samtidige tydingar av kjønn. Innanfor dei ulike emna vil det vere rom for å reflektere systematisk kring tema relatert til kjønn, som seksualitet, etnisitet, religion, media, litteratur, og samfunn.

Sentrale omgrep i studiet er kjønnsskilnader, interseksjonalitet, patriarkat, og sexisme. Du vil få eit overblikk over idear om kjønn sett frå ulike teoretiske perspektiv, slik som feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, psykoanalyse, feministisk vitskapsfilosofi, demokrati, globalisering og likestilling. Du vil blant anna lese klassiske feministiske tekstar og moderne kjønnsteori. Du vil også lese skjønnlitteratur og andre tekstar med vekt på kjønnsproblematikk.