Gå til innhold
English A A A
03.04.2009 Nyhet

Kjønn på tvers

Onsdag 1. april var det igjen duka for den årlege masterstafetten på Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK).

Guro Ljone, masterstudent i medievitskap, analyserer skodespelar Angelina Jolie i rolla som Lara Croft med særleg fokus på kva som skjer når kvinnelege actionheltar inntar ein mannleg dominert arena.

Guro Ljone, masterstudent i medievitskap, analyserer actionskodespelar Angelina Jolie i rolla som Lara Croft med særleg fokus på kva som skjer når kvinnelege actionheltar inntar ein mannleg dominert arena.

Marthe H. Grønsveen, masterstudent i nordisk litteratur får innspel frå salen etter å presentert oppgåva Bilder av ekteskap. Tro og tvil i Selma Lagerlöfs roman Jerusalem

Marthe H. Grønsveen, masterstudent i nordisk litteratur, får innspel frå salen etter å presentert oppgåva Bilder av ekteskap. Tro og tvil i Selma Lagerlöfs roman Jerusalem

 – Det er hyggeleg for oss på senteret å få eit inntrykk av kva som føregår rundt omkring på universitetet, innleidde senterleiar Ellen Mortensen dagen med. – Og det er vårt inntrykk frå tidlegare år at det er hyggeleg for dykk å treffe masterstudentar på tvers av faggrensene, fortsette ho

For tredje år på rad inviterte SKOK masterstudentar frå alle fagfelt til å presentere masterprosjekt som på eitt eller anna vis, anten teoretisk eller empirisk, omhandlar kjønn. Tanken er å skape ein møteplass for studentar og kjønnsforskarar på tvers av fagdisiplinar. Studentane får høve til å knytte nyttige kontaktar og få innspel frå andre fagpersonar enn rettleiaren. Og så kan det vere inspirerande å høyre om kva andre studentar arbeider med.

Årets stafettlag var sett saman av ni masterstudentar frå ulike fag på HF-, SV- og Psykologisk fakultet. Tematisk spente det vidt frå verknaden mikrokreditt har for kvinner på landsbygda i Peru via ei arkeologisk undersøking av kva tyding kvinner hadde i overgongen frå norrøn religion til kristendom i Noreg, til ein studie av actionheltinner i Hollywood-filmar.

Det var også stor variasjon i kor langt i prosessen dei ulike prosjekta var komne. Nokre var heilt i startgropa og ville prøve ut tankar omkring utforminga av prosjektet, medan andre var heilt i sluttfasen og kunne presentere nesten ferdige analysar.

Felles for alle, i tillegg til kjønnsperspektivet, var den smittande entusiasmen og engasjementet dei viste både for eige materiale og medstudentane sine mangfaldige prosjekt.

Til hausten inviterer SKOK phd-kandidatar til phd-stafett for første gong, og håpar på like god respons hos den gruppa.

 

 

 

Sist endret: 3.4.2009

Nyheter fra Senter for kvinne- og kjønnsforskning

Nyhetsarkiv