To ledige stillingar ved SKOK
Senter for kvinne- og kjønnsforsking lyser ut to nyoppretta, faste førsteamanuensisstillingar med søknadsfrist 1. juni 2011.
Senteret skal no tilsette i to faste, nyoppretta vitskapelege stillingar - ein førsteamanuensis i humanistisk kjønnsforsking og ein i samfunnsvitskapeleg kjønnsforsking. Med dette vil senteret få det faglege ansvaret for koordinering av tilbodet i kjønnsstudiar ved UiB, samt undervisningsansvar for to emne i bachelorgraden i kjønnsstudiar ved UiB. SKOK tilbyr i tillegg ph.d.-kurs, både i eigen regi og i regi av den nasjonale forskarskolen i kjønnsforsking. Det er også planar om å etablere ein mastergrad i kjønnsstudiar, men denne er framleis i planleggingsfasen. Dei nytilsette førsteamanuensisane vil spele ei viktig rolle i utviklinga av dette tilbodet.
I tillegg til ansvaret for koordineringa av studietilboda, er det forventa av dei nytilsette at dei skal vere viktige pådrivarar i senteret sitt aktive formidlingsarbeid og i den vidare oppbygginga av spisskompetanse på teori og metode innanfor det tverrfaglege kjønnsforskingsfeltet.
Søknadsfristen for begge stillingane er 1. juni 2011, og forventa tiltreding er frå 1. juni 2012.
Utlysingane finn du her:
FØRSTEAMANUENSIS I SAMFUNNSVITSKAPELEG KJØNNSFORSKING
FØRSTEAMANUENSIS I HUMANISTISK KJØNNSFORSKING
Sist endret: 6.5.2011
Nyheter fra Senter for kvinne- og kjønnsforskning
- David Eng - ny professor II ved SKOK (23.04.2012)
- Ellen Mortensen om 8. mars i Førkveld , NRK. (09.03.2012)
- Martyrer på Facebook (23.02.2012)
- Semesterets kunstner: Arve Håland (14.02.2012)
- Å jakte skygger i Sør-Afrika (17.01.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Sluttkonferanse 16.-18. august 2012: Program (27.04.2012)
- David Eng - ny professor II ved SKOK (23.04.2012)
- SKOK lyser ut skrivestipend for høsten 2012 (02.03.2012)
- Affective Displacements: Race, Gender, Socialities (24.02.2012)
- Affective Displacements: Race, Gender, Socialities (24.02.2012)
- Kjønnsteori
- Kjønnsforskning