Gå til innhold
English A A A
12.10.2009 Nyhet

skulelabseminaret 2009

Nyttig, engasjerande og mangfaldig seminar saman med Bergen museum 30.oktober. Naturfag, matematikk, vitskapen bak utstillinga, skule og museum. Seminaret er ope for noverande og tidlegare deltakarar på vidareutdanningskursa i naturfag og matematikk.

Mimiene sikres og bæres ned fire etasjer på Bergen Museum

Mumien som ble CT-skanna er eit av tema på seminaret Foto: Kari Klæboe Kristoffersen

Bergen Museum rommer så mykje fag, så mange undervisningsressursar og så mange dyktige fagfolk. Skuleverket har her ei utømmeleg kjelde til inspirasjon og kunnskap. Skulelaboratoriet er glad og stolt for at Bergen Museum tar i mot til realfagseminar frå 9 til 15 den 30.oktober. Seminaret er ei oppfølging av vidareutdanninga i naturfag og matematikk, og berre ope for dei som har vore med som deltakarar eller kurshaldarar på vidareutdanningskursa. Det blir send ut eige påmeldingsinformasjon til dei som er aktuelle.

Bergen Museum er like aktuell som undervisningsressurs for heile skuleverket, sjå nettsida:

http://www.uib.no/bergenmuseum/opplevelse-og-laering/skoletjenesten/skoletilbud

Frede Thorsheim, 12.10.2009