Kart i skolen
Prosjektet «Kart i skolen» har som mål å tilretteleggje digitale karttenester for bruk i skulen. Naturfagsenteret (UiO), Statens Kartverk og Skolelaboratoriet i realfag (UiB) utviklar prosjektet på oppdrag frå Senter for IKT i utdanningen/Utdanningsdirektoratet.
Prosjektet utviklar ei nettbasert kartteneste med kart innan mange ulike tema. Det er lansert ein portal med undervisningsopplegg, fagartiklar og vegvisarar til bruk av tenesta. I dag finn ein kart som kan nyttast i geografi, geofag, naturfag, matematikk, samfunnskunnskap, historie og norsk.
Kart i skolen viser data frå partane i det nasjonale samarbeidet Norge Digitalt. Statens Kartverk står for grunnkarta. Temakart vert henta direkte frå dei offentlege institusjonane innan forsking og forvaltning. Skulen er gjennom denne tenesta alltid sikra oppdaterte kartdata. Det vert også arbeida med å tilretteleggje data frå ander kjelder, som vil passe til bruk i undervisninga.
Skulane sine eigne data er også viktige. Sidan 1989 har skular registrert data i «Nettverk for miljølære» ( http://miljolare.no ). Data frå denne databasen, som er eigna for presentasjon på vert blir også viste i Kart i skolen. Elevane skal også kunne laste opp eigne data i Kart i skolen.
Naturfagsenteret har utvikla vitenprogrammet Digitale kart. I programmet lærer elevane om å finne informasjon på kart og korleis denne skal brukast.
Kart i skolen er tilgjengeleg frå http://www.kartiskolen.no . Nettstaden er under utvikling og me tek difor imot innspel på korleis den kan bli betre.
Kontaktperson for prosjektet ved Skolelaboratoriet er Ole Edvard Grov.
Sist endret: 28.9.2010