Hjem

Studentsider

Nyheter

Nytt system gjer det lettare å seie frå

UiB samlar alle tilbakemeldingar frå studentar i eitt verktøy.

oddrunsamdal.jpg

Bilde av Oddrun Samdal
STØTTE: Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, seier prosjektet har tydeleg støtte frå rektorat og læringsmiljøutval.

Bakgrunnen for innføringa av Si fra er eit ynskje frå Studentparlamentet om ei samla løysing der studentar enklare kan gi tilbakemelding til UiB – frå alt frå kritikkverdige forhold til ros.

Systemet er utvikla ved Universitetet i Oslo, og er resultatet av jobben gjort av ei arbeidsgruppe nedsatt av UiBs Læringsmiljøutval i 2015.

– UiO har utvikla eit godt og sikkert system og var villege til å dele det med oss. Vi har såleis arbeidd med å sjekke ut med studentane at systemet fungerar tilfredsstillande, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal.

Sorterar i grønt, gult og raudt

Systemet vert innført frå januar 2018, og sorterar tilbakemeldingar i tre kategoriar – grønt, gult og raudt – alt etter alvorlegheitsgrad. Tanken er éin felles portal for alt, som kan ha lågare terskel enn e-post, telefon eller direkte kontakt.

– No som det er eitt system blir det enklare å få informasjonen ut til studentar, så ein kan få fleire tilbakemeldingar – på utfordringar og problem, men også positive ting, seier leiar i arbeidsutvalet ved Studentparlamentet, Håkon Randgaard Mikalsen, som seier at eit av dei tidlegare problema har vore at dei mange systema har vore spreidde og lite kjende.

Kvart fakultet har no ei eiga læringsmiljøgruppe som fordeler og delegerar tilbakemeldingane som kjem inn. Med eit slikt system blir UiB flinkare til å ivareta studentar og ha betre oversikt over kvar det må takast grep. Natalie Johnsen, læringsmiljø- og fakultetsansvarlig i arbeidsutvalet, håper studentane tek systemet i bruk.

– Vi veit det er saker, uansett kor store eller små dei er, som må meldast frå om. Spesielt viktig er det at alle saker og fristar no følgjast opp, seier Johnsen.

– Viser vilje

– Vi synest det er bra at UiB har teke seg så god tid til å utarbeide systemet. Dei har fått med gode erfaringar frå UiO og fått ein god prosess. Det er flott at dette kjem, seier Johnsen.

– Det viser vilje til å hente inn og få fatt i det studentane opplever av utfordringar. Spesielt med hausten vi har hatt med sakar om seksuell trakassering er det kjempeviktig å ha slike typer system, seier Mikalsen.

Si fra legg stor vekt på god sikring for dei som melder frå. Viserektor Samdal rosar initiativet, som har tydeleg støtte frå rektorat og Læringsmiljøutval.

– Studentane og Studentparlamentet har vore dei viktigaste pådrivarane for å få på plass eit slik system.