Hjem

Studentsider

Forsikringsordningar for studentar

Studentar ved offentlege utdanningsinstitusjonar er etter Folketrygdlova (§11-1, nr. 1 f) dekte av reglane i lov om ytingar ved yrkesskade.

Dette inneber at studentar har dei same rettar som arbeidstakarar har etter folketrygdlova (kap. 11), i den utstrekinga vilkåra i lova er oppfylte. Av Rikstrygdeverkets kommentarar (i rundskriv 16.2.1976) vil studentar bli stilt likt med tilsette når det gjeld rettar etter folketrygdlova sine yrkesskadevedtekter også når dei deltek på ekskursjonar, feltarbeid m.m. utanfor området til universitetet, så lenge slik verksemd skjer i regi av universitetet.

For at ein skade skal komme inn under folketrygdlova sin definisjon av yrkesskade (§11-1 nr. 1b), må den aktuelle skaden for studenten ha oppstått medan studenten var i ein undervisningssituasjon på undervisningstaden i undervisningstida. Undervisningsstaden vil vere der undervisninga faktisk blir gjennomført. Med undervisning må her likestillast lesesalsarbeid. For universitetet vil omgrepet undervisningstid vere meir tøyeleg, fordi store delar av verksemda faktisk skjer utanfor den ordinære arbeidstida.

Etter §11-4 blir "yrkesskade" definert som "legemsskade eller sykdom forårsaket av arbeidsulykke". For å kunne karakteriserast som "arbeidsulykke" blir det i praksis stilt krav om at skaden må vere skjedd brått og uventa, og er ei uforutsett hending.

Rikstrygdeverket avgjer om ein skade blir godkjent i samsvar med folketrygdlova.

Studentar er såleis dekte av folketrygdlova sine vedtekter om ytingar ved yrkesskade. Folketrygdlova gir likevel ikkje fullgod erstatning ved yrkesskade. For tilsette ved universitetet vil lov om yrkesskadeforsikring komme inn og dekkje utgifter utover det som blir dekt av folketrygdlova.

Yrkesskadeforsikringslova gjeld ikkje for studentar.

Universitetet vil sjølvsagt vere ansvarleg for skadar på vanleg erstatningsrettsleg grunnlag. Dette betyr at universitetet vil kunne vere erstatningsansvarleg for skadar oppståtte grunna aktløyse frå dei tilsette ved universitetet, og skadar oppstått grunna feil ved tekniske apparat o.l.

Studentar har altså inga full forsikringsdekning gjennom forholdet sitt til UiB. Dersom du som student ønskjer same forsikringsdekning som tilsette ved UiB, bør du teikne reiseforsikring og personskadeforsikring.

Utanlandske studentar er ikkje automatisk omfatta av folketrygda sine ytingar. Desse må vende seg til det lokale trygdekontoret for meir informasjon.

Sjå også Studentforsikringen - av og for studentene