Hjem

Studiekvalitet

Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia

Det viktigaste grunnlaget for utdanningskvaliteten ved universitetet er at utdanninga er forskingsbasert – at dei som underviser og rettleier er aktive forskarar sjølve. Handboka skal etter vedtak i styret tene som grunnlag for universitetet sitt systematiske arbeid med vedlikehald og vidareutvikling av kvaliteten i utdanningane.

1. Kvalitetssikringssystemet

Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia

Universitetet sitt kvalitetssikringssystem er etablert for å halde vedlike studiekvaliteten og vidareutvikle denne kvaliteten på ein måte som kan dokumenterast. Systemet femner vidt og omfattar alle prosessar som har innverknad på studiekvaliteten.

Vedlikehald og utvikling av studiekvalitet oppnår ein ved at kvalitetssikringssystemet

  • systematiserer kunnskapen om verksemda og betrar føresetnadene for studentar og tilsette til å få auka innsikt i verksemda og kvarandre sine oppfatningar og synspunkt stimulerer til arbeid med læringsspørsmål
  • skaffar fram den informasjonen som skal til for å kunne foreslå og gjennomføre tiltak som betrar utdanningskvaliteten og utdanningsresultata
  • klargjer det ansvaret studentar og tilsette har for at arbeidet med studiekvalitet skal vere vellukka
  • medverkar til at studieprogram og støttesystem får naudsynte ressursar

Eit velfungerande kvalitetsutviklingssystem legg vekt på ansvaret den enkelte har for verksemda ved institusjonen, og trekkjer alle gruppene i universitetssamfunnet inn i utdanningsprosessen. Derfor er det ein føresetnad og eit mål at all vesentleg informasjon om planlagde og gjennomførte evalueringstiltak er ope tilgjengeleg og når fram til dei studentane og tilsette det gjeld.

Kvalitetssikringa skjer etter ein plan som er kjenneteikna av kontinuitet og oversyn. Arbeidet kan skjematisk verte framstilt som ein repeterande prosess med fire fasar. I planleggingsfasen vert måla med studiet fastsette og planane for undervisninga utarbeidde. I utføringsfasen skjer tileigning av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse, samstundes som det også vert vurdert om framdrift og retning er i samsvar med måla. Når studiet er gjennomført, vert vurderingar og studieresultat gjennomgått, med sikte på å forbetre opplegget og/eller korrigere måla.