Kvalitetshandboka
-
Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia
Det viktigaste grunnlaget for utdanningskvaliteten ved universitetet er at utdanninga er forskingsbasert – at dei som underviser og rettleier er aktive forskarar sjølve.
-
Kvalitetssikringssystemet
Universitetet sitt kvalitetssikringssystem er etablert for å halde vedlike studiekvaliteten og vidareutvikle denne kvaliteten på ein måte som kan dokumenterast. Systemet femner vidt og omfattar alle prosessar som har innverknad på studiekvaliteten.
-
Studiekvalitetsbasen
Studiekvalitetsbasen (kvalitetsbasen.uib.no) er UiB sitt sentrale arkiv for utdanningsmeldingar, evalueringar av studieprogram og emne, og andre dokument som er relevante for studiekvalitet og studiekvalitetsarbeid.
-
Roller i studiekvalitetsarbeidet
Alle studieprogram skal vere leia av eit programstyre med ein programstyreleiar. Organisatorisk kan programmet vere underlagt eitt eller fleire institutt, men eitt fakultet har det administrative og økonomiske ansvaret for studieprogrammet.
-
Studentdemokrati
Både fakulteta og universitetet sentralt har ansvar for at den kompetansen som studentdemokratiet representerer gjennom fagutval, studentutval og Studentrådet, vert utnytta i arbeidet med studiekvalitet på alle nivå av organisasjonen. Universitetet skal gje studentrepresentantane opplæring.
-
Rekruttering, informasjon og mottak av nye studentar
Rammene for opptak til grunnstudium ved UiB blir fastsette i universitetsstyret. Studieadministrativ avdeling har ansvar for den praktiske gjennomføringa av opptaket, som blir gjennomført i samarbeid med fakulteta.
-
Programsensorordning
Programsensorordninga er ei UiB-intern ordning, der fakulteta nemner opp ein ekstern fagfelle som har særskilte oppgåver knytt til evaluering av eitt eller fleire studieprogram.
-
Ekstern sensur
Universitetet nyttar to former for ekstern sensur som ledd i den systematiske kvalitetsutviklinga av studietilboda. I tillegg til at det enkelte fagmiljøet kan bruke eksterne sensorar til å vurdere studentane sine individuelle prestasjonar ved eksamen eller prøve, nyttar fakulteta ordninga med programsensor.
-
Delstudium ved utanlandske universitet
Alle studentar som ønskjer det, har rett til eit studieopphald i utlandet som ein integrert del av studieprogrammet.
-
Ugleprisen
Ugleprisen er UiB sin interne pris for utdanningskvalitet, og han blir delt ut av Universitetet sitt utdanningsutval, til fagmiljø som kan dokumentere særleg vellukka tiltak for studiekvalitet.
-
Program for evaluering og kvalitetsutvikling (PEK)
Kvart år kan fakultet eller institutt søkje Program for evaluering og kvalitetsutvikling, «PEK», om midlar.
-
Rammevilkår
Både fakulteta og universitetet sentralt har ansvar for materielle og ikkje-materielle støttesystem for undervisningsaktivitetane.
-
Evaluering av undervisningstiltak og studietilbod
Universitetet praktiserer evaluering på to nivå – som ein løpande aktivitet med vekt på opplegg og gjennomføring av undervisninga i det einskilde emnet (emneevaluering), og som ei meir omfattande evaluering med vekt på studiet og utdanningstilbodet i eit programperspektiv (programevaluering).
-
Årleg revisjon av studietilbod og informasjon til studentane
Emneansvarleg/programstyreleiar skal syte for ein årleg gjennomgang av studietilboda med sikte på forbetring og korrigering av opplegg og omtale.
-
Utdanningsmelding
Kvart institutt og fakultet skal utarbeide ein årsrapport om utdanningsverksemda.