Gå til innhold
English A A A

Årleg revisjon av studietilbod og informasjon til studentane


Emneansvarleg/programstyreleiar skal syte for ein årleg gjennomgang av studietilboda med sikte på forbetring og korrigering av opplegg og omtale, dette skjer mellom anna i samband med den årlege revisjonen av studieplanar og emneskildringar.

undervisning.JPG

undervisning.JPG

Denne revisjonen må vere ferdig innan 1. desember, som er den fristen universitetet har sett for publisering av gjeldande studieplanar og ferdigstilling av studieinformasjon for neste studieår.

Studieinformasjonen baserer seg på vedtekne studieplanar. All informasjon om undervisningstiltak og studietilbod er nettbasert og tilgjengeleg på www.uib.no.

Timeplanar med informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisningsaktivitetane samt litteraturlister skal vere ope tilgjengeleg på www.uib.no seinast 1. desember/1. juni. Når studentane melder seg til ulike undervisningsaktivitetar, skal desse registreringane komme fram på timeplanen til den einskilde student. Studieadministrativ avdeling, i samarbeid med fakulteta, er ansvarleg for å setje opp timeplanar og tildele undervisningsrom.

Sist endret: 9.11.2011