Delstudium ved utanlandske universitet
Alle studentar som ønskjer det, har rett til eit studieopphald i utlandet, som ein integrert del av studieprogrammet.
Fagleg ansvarleg for det einskilde studieprogrammet skal leggje til rette for og tilrå delstudium ved utvalde universitet i utlandet. Slike tilrådde delstudium skal ha kvalitetssikra fagleg innhald, og studentane skal få råd og tilbod om førehandsgodkjende emne som gir fritak for del(ar) av studieprogramma deira ved UiB. Studentane som reiser på Erasmusutveksling skal i tillegg fylle ut ein «learning agreement».
I samarbeid med Studieadministrativ avdeling skal dei ansvarlege for studieprogramma også syte for at programstudentane før avreise får god skriftleg og munnleg informasjon om tilrådde delstudietilbod i utlandet og tryggleiksforholda på studiestaden. Studentar som tek eit delstudium i utlandet, skal før avreise registrere seg i følgje utarbeidd mal (opplysningsskjema) og levere ein rapport om erfaringane sine når dei kjem tilbake til UiB.
-
Studiemuligheter i utlandet
UiB fokuserer sterkt på internasjonalisering. Alle gradsstudentar skal difor ha høve til å studere eit semester ved eit universitet i utlandet.
-
Utveksling
Universitetet i Bergen har bilaterale samarbeidsavtaler med anerkjente universiteter rundt om i verden.