Ekstern sensur
Universitetet nyttar to former for ekstern sensur som ledd i den systematiske kvalitetsutviklinga av studietilboda. I tillegg til at det enkelte fagmiljøet kan bruke eksterne sensorar til å vurdere studentane sine individuelle prestasjonar ved eksamen eller prøve, nyttar fakulteta ordninga med programsensor.
Dersom det vert gjennomført eksamenar utan medverknad av ekstern sensor, skal vurderingsordninga godkjennast særskilt av fakultetet, basert på programsensoren si evaluering av vurderingsordninga. Ifølgje krava i grads- og studiereglementet, kan det enkelte fakultet utarbeide nærare reglar for sine vurderingsordningar, som m.a. fastset minstekravet til ekstern sensur innan det enkelte studieprogrammet. Fakulteta fastset sjølve kor mange programsensorar det ønskjer å gjere seg nytte av og kva for del(ar) av studiet programsensoren sitt oppdrag primært skal rettast mot. Det er utarbeidd nærare retningsliner for programsensor. Programsensoren skal levere ein årleg rapport om arbeidet sitt.
-
Retningslinjer for programsensor ved Universitetet i Bergen
Desse retningslinjene er også å finna som eit eige appendiks i 'Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia'.