Evaluering av undervisningstiltak og studietilbod
Universitetet praktiserer evaluering på to nivå – som ein løpande aktivitet med vekt på opplegg og gjennomføring av undervisninga i det einskilde emnet (emneevaluering), og som ei meir omfattande evaluering med vekt på studiet og utdanningstilbodet i eit programperspektiv (programevaluering).
Emneansvarleg skal i tillegg til å ta del i undervisninga, ha ansvaret for evalueringa av emnet. Leiaren for programstyret/utvalet har ansvaret for evalueringa av studieprogram.
Evalueringane av emne og program vert dokumentert gjennom skriftlege rapportar. Rapportane skal handsamast av næraste overordna og av aktuelle styre og/eller utval, og skal vere tilgjengelege for studentane, UiB-tilsette og andre interesserte i Studiekvalitetsbasen. Rapportar om emne som inngår i tverrfakultære studieprogram, skal verte handsama av programstyret.
-
Emneevaluering
Minst 1/3 av dei emna som det til kvar tid vert undervist i, skal verte evaluert kvart år.
-
Programevaluering
Meir omfattande evalueringar av studietilboda skal verte gjennomført minst kvart 5. år, medan nye tilbod bør evaluerast etter kortare tid.