Gå til innhold
English A A A

Programevaluering


Meir omfattande evalueringar av studietilboda skal verte gjennomført minst kvart 5. år, medan nye tilbod bør evaluerast etter kortare tid.

.

.

Fakulteta avgjer sjølve om evalueringa t.d. skal knytast opp til dekanperiodar eller oppnemningsperiodar for programsensor, jf. retningslinjer for programsensor.

Studietilbod kan i denne samanhengen vere studieprogram på bachelor- eller masternivå, avslutta delar av profesjonsutdanningar, eller dei utdanningstilboda som fag- eller disiplinstudium representerer. Det er fakulteta som fastset kva for studieprogram som skal verte evaluerte, medan programansvarleg/styret i samarbeid med studieadministrasjonen står for planlegging og gjennomføring av evalueringa.

Programevalueringar av utdanningstilbod skal normalt vere ei sjølvevaluering. Programstyret/fakultetet kan også nytte ekstern evaluering ved ein fagfellekomité eller slik at programsensor i sensorperioden får i oppgåve å evaluere ulike sider ved studieprogrammet. Fagfelle- eller programsensorevaluering kan kome som tillegg til eller i staden for ei sjølvevaluering. Evaluering av studieprogram bør omfatte vurderingar av:

 

  • studieprogrammet sin profil og struktur, førekomst av felles undervisning og emne spesielt utvikla for studieprogrammet, høve til studieopphald i utlandet, faglege og sosiale aktivitetar
  • om val av undervisnings- og vurderingsformer er i tråd med fastsett læringsutbyte for studieprogrammet
  • praktisk gjennomføring
  • søkjartal/studieplassar, gjennomføring, strykprosent og fråfall
  • karakterfordeling
  • ressurstilgang
  • kommentarar til studentevalueringane
  • studieinformasjon og dokumentasjon
  • tilgang til digitale ressursar/hjelpemiddel
  • institutt/programleiar si vurdering og forslag til forbetringar

Sjå elles mandat for programsensor og krav til fakulteta sine utdanningsmeldingar.

Fakulteta kan sjølve lage nærare retningsliner for evaluering av studietilboda sine. Det skal liggje føre ein plan for gjennomføringa, og denne skal vere tilgjengeleg på nett.

 

 

Sist endret: 3.6.2013