Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia
Det viktigaste grunnlaget for utdanningskvaliteten ved universitetet er at utdanninga er forskingsbasert – at dei som underviser og rettleier er aktive forskarar sjølve.
Høg kvalitet i utdanninga er elles avhengig av eit læringsmiljø der ein legg vekt på oppdaterte kunnskapar i alle fag og vilje til pedagogisk kvalitet. Evaluering og tolking av evalueringstiltak er viktige føresetnader for kvalitetsutvikling. Ved universitetet er kvalitetsarbeidet innanfor forsking og utdanning ein del av den løpande akademiske debatten gjennom seminar og andre former for kritisk gransking og debatt.
Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia skal vere ein rettleiar i det praktiske og systematiske kvalitetsarbeidet. Dei delområda, prosessane og tiltaka som er nærare omtalte her, utgjer grunnsteinane i eit kvalitetssikringssystem, og handboka skal etter vedtak i styret tene som grunnlag for universitetet sitt systematiske arbeid med vedlikehald og vidareutvikling av kvaliteten i utdanningane. Den første utgåva av Handboka kom i 2004. Dette er 4. utgåva.
Universitetet i Bergen sitt system for kvalitetssikring av utdanning vart godkjent av NOKUT 29.03.2007.
Bergen, mai 2013
Sigmund Grønmo Rektor
Last ned kvalitetshandboka i PDF-format
Sist endret: 14.6.2013
- studiekvalitet
Les andre saker om tema:
Last ned filer
- Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia (PDF-fil, 394 Kb)