Oppretting og nedlegging av studietilbod
Nye studieprogram skal meldast gjennom fakulteta sine utdanningsmeldingar i april året før eventuell studiestart. Resultata frå første fase i utviklingsarbeidet skal liggje ved utdanningsmeldinga.
Nedlegging av eit studieprogram skal verte vedteke av universitetsstyret, og fristar for innsending av søknad er dei same som for oppretting av nye studieprogram.
-
Nye studieprogram
Alle studieprogram skal vere forskingsbaserte. Studieprogram som fakulteta planlegg å opprette, må vere knytt til eit fagmiljø som kan syne til eit aktivt forskingsmiljø eller kunstnarisk utviklingsmiljø innan heile eller delar av studieprogrammet sitt fagfelt.
-
Nye fellesgrader/felles studieprogram
Universitetet kan inngå avtalar om forpliktande utdanningssamarbeid med norske og utanlandske institusjonar, i form av fellesgrader eller felles studieprogram.
-
Nye etter- og vidareutdanningstilbod
Etter- og vidareutdanningsverksemda er eit viktig supplement til institusjonen sine hovudoppgåver og skal bidra til kompetanseutvikling i samfunns- og arbeidslivet.
-
Nye emne
Ansvar og dynamikk i prosessen for godkjenning av nye emne er illustrert i tabellen under. Fakulteta har interne fristar for dette arbeidet.
-
Nedlegging av studieprogram
Nedlegging av eit studieprogram skal verte vedteke av universitetsstyret, og fristar for innsending av søknad er dei same som for oppretting av nye studieprogram: 1. april.