Nye etter- og vidareutdanningstilbod
Etter- og vidareutdanningsverksemda er eit viktig supplement til institusjonen sine hovudoppgåver og skal bidra til kompetanseutvikling i samfunns- og arbeidslivet.
Alle EVU-tilbod skal vere fagleg forankra i fagmiljøa. Etter- og vidareutdanningsverksemda er basert på dei same krava som er fastsette for andre studietilbod i UiB sitt kvalitetssikringssystem, men baserer seg og på normer og rutinar som er etablerte gjennom Norsk forbund for fjernundervisning og fleksibel utdanning (NFF).
Rutinane som går fram av avsnitt om nye studieprogram, gjeld og for etter- og vidareutdanningsverksemda, men det kan vere naudsynt med godkjenning i universitetsstyret fleire (2) gonger i året, då ønskje frå eksterne aktørar om nye tilbod kan kome utanom universitetet sine faste rutinar for oppretting av program.
Sist endret: 3.6.2013