Program for evaluering og kvalitetsutvikling (PEK)
Kvart år kan fakultet eller institutt søkje Program for evaluering og kvalitetsutvikling, «PEK», om midlar.
Prosjekta skal fremje studiekvalitet og kvaliteten på dei studentretta tenestene, og dei skal ha overføringsverdi til andre fagmiljø.
Utdanningsutvalet vedtek årleg kva område som skal ha prioritet i den komande tildelingsrunden, og dette vert gjort kjent i utlysingsbrevet til fakulteta. Prosjekta skal så utarbeide ein rapport som skal vere tilgjengeleg i Studiekvalitetsbasen. Ein del av PEK-prosjekta blir og presenterte på det årlege studiekvalitetsseminaret.
For utfyllande omtale, sjå eigne nettsider om støtteordningar.