Programsensorordning
Programsensorordninga er ei UiB-intern ordning, der fakulteta nemner opp ein ekstern fagfelle som har særskilte oppgåver knytt til evaluering av eitt eller fleire studieprogram.
Funksjonstida er normalt 4 år. Programsensor skal vurdere opplegg for og gjennomføring av eit studieprogram eller ein del av dette, og skal éin gong i året utarbeide ein skriftleg rapport om studieprogrammet på grunnlag av det mandatet fakultetet har gjeve. Det er utarbeidd nærare retningsliner for programsensor, sjå vedlegg, punkt 1 for meir informasjon om dette. Programsensor kan òg ha ei rolle knytt til ekstern sensur.
-
Retningslinjer for programsensor ved Universitetet i Bergen
Desse retningslinjene er også å finna som eit eige appendiks i 'Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia'.