Gå til innhold
English A A A

Retningslinjer for programsensor ved Universitetet i Bergen


Desse retningslinjene er også å finna som eit eige appendiks i 'Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia'.

bøker.jpg

bøker.jpg

 

  1. Programsensor er ein ekstern fagfelle som har særskilte oppgåver knytte til evaluering av eitt eller fleire studieprogram. Fakultetet nemner opp ein eller fleire programsensorar for sine studieprogram eller delar av desse. Funksjonstida er normalt 4 år.
  2. Programsensor skal vurdere opplegg for og gjennomføring av eit studieprogram eller ein del av dette. Programsensor skal få utlevert relevant informasjonsmateriale og kan sjølv be om ytterlegare dokumentasjon. Vurderingane frå programsensor skal særleg omfatte synspunkt på dei fem punkta i tabellen nedst på sida. Fakultetet kan definere programsensor sine oppgåver nærare.
  3. Programsensor bør minst ein gong i funksjonsperioden møte tilsette og studentar for ein samtale om kvalitetsutvikling i studieprogrammet.
  4. Programsensor skal ein gong i året utarbeide ein skriftleg rapport om
    studieprogrammet på grunnlag av det mandatet fakultetet har gitt. Programsensor står dessutan fritt til å kome med eigne kommentarar om alle tilhøve ved undervisninga, strukturen og innhaldet i studieprogrammet.
  5. Rapportane frå programsensor inngår i grunnlagsmaterialet for utdanningsmeldinga som vedkomande fagmiljø skal utarbeide. Programsensor sitt arbeid kan også leggjast opp slik at fleire etterfølgjande årsrapportar til saman utgjer ei ekstern programevaluering. Den årlege sensorrapporten kan skrivast på norsk, engelsk eller eit anna høveleg språk etter nærare avtale.
  6. Vervet som programsensor blir honorert av fakultetet etter nærare avtale. Rapporten skal leverast innan 1. desember.

Vurderingane frå programsensor skal særleg omfatte synspunkt på følgjande (jf. pkt 2 over):

I Pensum, studieopplegg og undervisning
II Vurderingsordningane som vert nytta i studieprogrammet, jf. § 3-9 universitets- og høgskolelova. Som grunnlag for vurderinga si skal programsensor få ei oversikt som dokumenterer vurderingsordninga og sensorordninga for det enkelte emne i studieprogrammet. Programsensor skal særskilt evaluere vurderingsordninga når det berre nyttast interne sensorar. Dei programansvarlege må vurdere om programsensor for dette formålet skal få ytterlegare informasjon om vurderingsordninga.
III I kva grad programsensor har delteke i drøftingar i fagmiljøet om kvalitetsutvikling i studieprogrammet
IV Evt. særlige tilhøve ved gjennomføringa av studieprogrammet i perioden
V Rolla og oppgåvene som programsensor

Fakultetet kan definere programsensor sine oppgåver nærare.



Sist endret: 3.6.2013

Relevante lenker