Gå til innhold
English A A A

Rammevilkår


Både fakulteta og universitetet sentralt har ansvar for materielle og ikkje-materielle støttesystem for undervisningsaktivitetane.

Treblås.jpg

Treblås.jpg

Viktige støttesystem i denne samanhengen er mellom anna tenestene ved Universitetsbiblioteket, Studieadministrativ avdeling, Eigedomsavdelinga og IT-avdelinga. Desse er underlagde eit system for kvalitetssikring, som den einskilde avdelinga er ansvarleg for. Kvalitetssikring av rammevilkår kan skje gjennom sjølvevaluering og/eller ekstern evaluering. Brukarundersøkingar, der både studentar og vitskapleg tilsette er brukarane, bør inngå i kvalitetssikringa av rammevilkåra. Studieadministrativ avdeling har og ansvar for at forslag frå Læringsmiljøutvalet som gjeld det fysiske læringsmiljøet, vert vurderte i kvalitetsarbeidet.

Sist endret: 3.6.2013