Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium, engelsk

ingressbilde

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?

Eit årsstudium i engelsk er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.

Du studerer grammatikk og fonetikk, sosiolingvistiske aspekt av engelsk språk, moderne lingvistikk, språkhistorie, og britisk og amerikansk litteratur og kultur. Du får tilbod om eit to veker langt kurs i York, Storbritannia.

NB: Studiet startar i januar.

Studievegar

Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet inneheld fire emne kvar på 15 studiepoeng. Du startar studiet om våren, og tar to emne kvart semester.

Vår
ENG101 Engelsk språk I
ENG125 Britisk litteratur og kultur

Haust
ENG106 Engelsk språk II
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i engelsk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Eit studium i engelsk krev gode forkunnskapar i språket. Studentar utan nødvendige forkunnskapar må skaffe seg dette på eiga hand før dei tek til med studiet.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær kvote: 49,3. Kvote for førstegongsvitnemål: 38,0.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Antall studieplasser

24

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70

Mål og innhald

Emna i årsstudiet skal gi studentane ei grunnleggjande innføring i engelsk språk, i britisk og amerikansk litteratur, og i kultur og samfunnstilhøve i Storbritannia og USA. Oppøving av praktisk dugleik i engelsk er ein viktig del av studiet. I tillegg til arbeid med fagstoffet tek studiet sikte på å utvikle både den analytiske evna til studentane og evna til å kommunisere best mogleg på engelsk.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar.

Undervisning

Undervisningstilbodet omfattar førelesingar, seminar og gruppeundervisning og føreset aktiv deltaking frå studentane. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for enkeltemna.

Fageining og spesialisering

Årsstudiet i engelsk utgjer 60 studiepoeng og er sett saman av emne innan språk, litteratur og kultur:

ENG101 Engelsk språk I (15 stp)
ENG106 Engelsk språk II (15 stp)

ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 stp)
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp)

Studiet kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i engelsk eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i engelsk skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.

Vurdering / Eksamensformer

Sjå studieplanane for enkeltemna.

Yrkesvegar

Årstudiet i engelsk kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.

Oppstart

Årsstudiet i Engelsk startar opp kvart vårsemester.

Planforslag

Studiet inneheld fire emne kvar på 15 studiepoeng. Du startar studiet om våren, og tar to emne kvart semester.

Vår
ENG101 Engelsk språk I (15 stp)
ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 stp)

Haust
ENG106 Engelsk språk II (15 stp)
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp)

ÅRHF-ENG/Årsstudium, engelsk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Årskurs i engelsk - emner
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG101 Engelsk lingvistikk I 15 1-3 1
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur 15 1-3 2
ENG106 Engelsk lingvistikk II 15 1-3 2
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG125 Britisk litteratur og kultur 15 1-3 1