Årsstudium, fransk
Programmet tilbys av
Introduksjon
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?
Eit årsstudium i fransk er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole-
eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.
Du studerer grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Eit sju veker langt kurs i Frankrike inngår i studiet.
NB: Studiet startar i januar.
Studievegar
Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du startar studiet om våren, og tar to emne kvart semester.
Vår
FRAN101 - Fransk grammatikk
FRAN103 - Fransk kulturkunnskap og omsetjing
Haust
FRAN102 - Fransk litteratur
FRAN114 - Omsetjing norsk-fransk og fonetikk/samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk)
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i fransk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Eit studium i fransk krev gode forkunnskapar i språket. Viktig: Studentar utan nødvendige forkunnskapar må skaffe seg dette på eiga hand før dei tek til med studiet.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Antall studieplasser
10
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Mål og innhald
Studenten skal øve opp evna til å skjøne og bruke moderne fransk skriftleg og munnleg. Studenten skal òg skaffe seg kjennskap til fransk språk- og litteraturvitskap. Det er lagt vekt på tileigning av kunnskapar og praktiske evner, men det er òg viktig at studentane byggjer opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøne dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekster er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Det høyrer òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.
Tilrådde forkunnskapar
Franskkunnskapar tilsvarande nivå 2 frå vidaregåande skole.
Undervisning
Undervisningsformene på dei fire emna i årsstudiet femner om både førelesingar og gruppeundervisning. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for dei einskilde emna.
Fageining og spesialisering
Årsstudiet i fransk er bygd opp av disiplinar i språk, litteratur, kultur og historie. Dei ulike disiplinane er gruppert under fire emne på 15 studiepoeng kvar:
FRAN101: Fransk grammatikk
FRAN102: Franskspråkleg litteratur
FRAN103: Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk
FRAN114: Omsetjing norsk-fransk og fonetikk/samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk)
Årsstudiet i fransk kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i fransk eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i fransk (grunnlag for opptak til masterstudium) skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.
Vurdering / Eksamensformer
Sjå emneplanane for dei einskilde emna, under "emne (fagvis)" her: http://studentportal.uib.no/hf
Oppstart
Årsstudiet i fransk startar opp kvart vårsemester.
Det vert ikkje tilrådd at franskstudentane startar på 100-nivåstudiet i haustsemesteret.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk (studierettleiar@if.uib.no)
Planforslag
Årsstudiet i fransk er eit fulltidsstudium, med undervisning og eksamen i to parallelle emne kvart semester. I første semester (vårsemesteret) tar du FRAN101: Fransk grammatikk og FRAN103: Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk. I andre semester (haustsemesteret) tar du FRAN102: Franskspråkleg litteratur og FRAN114: Omsetjing norsk-fransk og fonetikk/samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk).
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Årsstudium, fransk - emner (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| FRAN101 | Fransk grammatikk | 15 | 1-3 | 2 | ||||||||
| FRAN102 | Fransk litteratur | 15 | 1-3 | 3 | ||||||||
| FRAN103 | Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk | 15 | 1-3 | 2 | ||||||||
| FRAN114 | Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) | 15 | 1-3 | 3 | ||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| FRAN104 | Munnleg fransk og fonetikk | - | 1-3 | 2 | ||||||||