Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium, historie

ingressbilde

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?

Eit årsstudium i historie er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole-
eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.

Du studerer eldre og nyare historie, både norsk historie og verdshistorie. Faget gir oversikt over fortida til mennesket og korleis menneskelege samfunn har endra seg.

Studievegar

Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Årsstudiet i historie er sett saman av fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du tek normalt to emne kvart semester. To av emna gir oversikt over eldre og nyare historie, både norsk og verdshistorie, og desse er obligatoriske. Du skal også fordjupe deg i historiske emne, og her vel du sjølv blant emna som det blir undervist i.

Obligatoriske emne

HIS101 - Oversyn over eldre historie (haust)

HIS102 - Oversyn over nyare historie (vår)

Valfrie emne

HIS113 - Fordjuping i eldre historie (haust). Mappeevalueringsemne

HIS114 - Fordjuping i eldre historie (haust). Skuleeksamen

HIS115 - Fordjuping i nyare historie (vår). Mappeevalueringsemne

HIS116 - Fordjuping i nyare historie (vår). Skuleeksamen

HIM101 - Innføring i Midtaustens historie (vår). Skuleeksamen

EUR103 - Europe after 1945: Resources, Demography, Economy (vår). Skuleeksamen

HIM102 Det moderne Midtausten 1880-2000 (skuleeksamen)

I fordjupingsemna vil tema variere frå semester til semester.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i historie.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær kvote: 53,1. Kvote for førstegongsvitnemål: 38,3

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Antall studieplasser

45

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Mål og innhald

Historie er faget om fortida til menneskja: Om samhandling og konflikt i menneskelege samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt, og internasjonalt. Det handlar om kulturell og sosial, politisk og økonomisk utvikling, og om kva kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder har å seia for denne utviklinga. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga både i og utanfor Noreg, både i eldre og moderne tid.

Studiet skal gi innsikt i utviklinga av historiefaget og auka forståinga av at ikkje berre dei menneskelege samfunna har endra seg, men også historievitskapen. I tillegg vil studiet gi innsikt i korleis ulike metodiske tilnærmingar påverkar tolkinga av og kunnskapen om fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera innsikt i 'dei store linjene' i historia med nærstudium av spesielle problemfelt.

Opptaksgrunnlag

Generell studiekompetanse. Det er òg mogeleg å søkja opptak til studiet på grunnlag av realkompetanse. Gode kunnskapar i norsk og engelsk er viktig.

Undervisning

Undervisinga vil hovudsakleg vere i form av forelesingar.

Oppbygging av studiet

Årsstudiet i historie er sett saman av fire emne, kvar på 15 studiepoeng. Du tek normalt to emne kvart semester. To av emna gir oversikt over eldre og nyare historie, både norsk og verdshistorie, og desse emna må inngå. Du skal og fordjupe deg i historiske emne, og her vel du sjølv blant emna som instituttet gir undervisning i.

Obligatoriske emne

HIS101 - Oversyn over eldre historie (haust)

HIS102 - Oversyn over nyare historie (vår)

Valfrie emne

HIS113 - Fordjuping i eldre historie (haust). Mappeevalueringsemne

HIS114 - Fordjuping i eldre historie (haust). Skuleeksamen

HIS115 - Fordjuping i nyare historie (vår). Mappeevalueringsemne

HIS116 - Fordjuping i nyare historie (vår). Skuleeksamen

HIM101 - Innføring i Midtaustens historie (vår). Skuleeksamen

HIS106 - Marin historie (vår). Skuleeksamen (emnet er ikke lenger aktivt)

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (skuleeksamen) (emnet er ikke aktivt)

HIS111 USAs historie (skuleeksamen)

EUR103 Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi (skuleeksamen)

HIM102 Det moderne Midtausten 1880-2000 (skuleeksamen)

Obligatoriske aktivitetar

Sjå dei enkelte studieplanar for kvart emne for utdjupande informasjon.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom årsstudium i historie vil studentane bli prøvd ved mappevurdering og skuleksamen.

Yrkesvegar

Historiefaget kan godt kombinerast med dei fleste faga på HF- og SV-fakultetet. Historie opnar for arbeid i skuleverket, kultursektoren, ulike media, i tillegg til offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Oppstart

Kvart semester

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), e-post studierettleiar@ahkr.uib.no.

Planforslag

His101 Oversikt over eldre historie, HIS113/HIS114 Fordjuping i eldre historie tas om hausten og HIS102 Oversikt over nyare historie og His 115/116 Fordjuping i nyare i historie tas om våren.

ÅRHF-HIS/Årsstudium, historie
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Årsstudium, historie, emner (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS101 Oversyn over eldre historie 15 1-6 1
HIS102 Oversyn over nyare historie 15 1-6 2
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS113 Fordjuping i eldre historie 15 1-6 1
HIS114 Fordjuping i eldre historie til 1750 15 1-6 1
HIS115 Fordjuping i nyare historie 15 1-6 2
HIS116 Fordjuping i nyare historie fra 1750 15 1-6 2
EUR103 Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi 15 1-4 2
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie 15 1-4 2
HIM102 Det moderne Midtausten 1880-2000 15 1-4 2
HIS111 Oversikt over USA historie 15 1-4 2