Hjem

Utdanning

Årsstudium

Årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald

Introduksjon

Introduksjon

Ønsker du deg tverrfagleg kompetanse kring kjønn? Vil du supplere tidlegare utdanning eller arbeidserfaring? Er du interessert i likestilling, diskriminering og mangfaldspolitikk?

I dag kjem stadig meir varierte uttrykk for kjønn og seksualitet til syne i offentlegheita. Tek du årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald vil du lære meir om korleis desse uttrykka endrar seg, kva tyding dei har for organiseringa av samfunnet, korleis dei heng saman med maktstrukturar og korleis dei vert problematiserte i vitskap, kunst og kultur.

Studiet er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng

Kva kan du bli

Studievegar

Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Oppbygging

Oppbygging

Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du tar to emne kvart semester.

Haust:

Det er obligatorisk med eit av dei to emna KVIK110 Innføring i kjønnsstudium med utvida semesteroppgåve (15 stp) og KVIK201 Kjønnsteori (15 stp)
KVIK102 Likestilling og mangfald (valemne) 15 stp

KVIK201 Kjønnsteori (valemne) 15 stp

KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (valemne) 15 stp

Vår:

KVIK101 Kjønn i det moderne (obligatorisk) 15 stp

KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur (valemne) 15 stp

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (valemne) 15 stp

KVIK206 Fordjuping i kjønnsstudium (valemne) 15 stp

KVIK204 Litteratur, kjønn, teori og analyse (valemne) 15 stp

FIL234 Kjønn og filosofi (valemne) 15 stp

Årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald (krav 60 SP)
Årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald - emne (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KVIK101Kjønn i det moderne151–22
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
KVIK110Innføring i kjønnsstudium med utvida semesteroppgåve151–21
KVIK201Kjønnsteori151–21
Vel minst to emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KVIK102Likestilling og mangfald151–21
KVIK203Litteratur, kjønn og kultur151–21
PSANA101Innføring psykoanalyse151–21
PSANA201Identitet, kjønn og sjølv i moderne psykoanalysar151–22
FIL234Filosofi og kjønn151–22
HIS108Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie151–22
KUVI106Kjønn, seksualitet, kultur151–22
KVIK204Litteratur, kjønn, teori og analyse151–22
KVIK206Kjønn og seksualitet i ein global kontekst151–22
SOS111Familien i endring151–2
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse, er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184222

Kontakt

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

Studierettleiar@skok.uib.no
Telefon: 55 58 89 68