Årsstudium, kunsthistorie
Programmet tilbys av
Introduksjon
Vil du supplere tidlegare utdanning? Vi du førebu deg til eit nytt studium i utlandet?
Eit årsstudium i kunsthistorie er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.
Du studerer historia til den visuelle kunsten, i hovudsak biletkunst, skulptur og arkitektur.
Studievegar
Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du tar to emne kvart semester.
Haust
Vår
Søknadsprosedyre
Søknad gjennom Samordna opptak, med søknadsfrist 15.april for oppstart om hausten
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær kvote: 56,1. Kvote for førstegangsvitnemål: 43,8.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Antall studieplasser
30
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Mål og innhald
Årsstudiet i kunsthistorie skal gi føresetnader for å forstå kunsten som eit estetisk, historisk og sosialt fenomen. Eit årsstudium i kunsthistorie gir ei ålmenn innføring i den historiske utviklinga av disiplinane måleri, skulptur, arkitektur og kunsthandverk frå antikken og fram til vår eiga tid i Europa, og frå nyare tid også i USA.
Feltet vi utforskar er historia til biletmedia frå antikken til i dag - måleri, skulptur, moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, og dessutan andre visuelle uttrykk som vi kan finne i den institusjonaliserte kunsten: Arkitekturhistorie og bygningsvern, kunsthandverk, kunstindustri og design.
Tilrådde forkunnskapar
Generell studiekompetanse. Det er òg mogeleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse
Undervisning
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar. I tillegg til førelesingane vil det bli gitt tilbod om kurs i oppgåveskriving. Dersom ressursane tillet det, vil det bli organisert kollokviegrupper leia av timelærarar eller undervisningsassistentar.
Vurdering / Eksamensformer
Studentane vil bli prøvd på ulike måtar, til dømes med skuleeksamen, heimeoppgåve og munnleg presentasjon. Ein viser til studieplanane for dei enkelte emna for nærare informasjon.
Yrkesvegar
Eit årsstudium i kunsthistorie gjev fagleg bakgrunn for museumsarbeid, formidling og kulturarbeid t. d. i kulturskular og offentleg forvaltning.
Oppstart
haust.
Planforslag
Eit årsstudium i kunsthistorie er bygd opp av fire obligatoriske emne på 100 nivå. Kvart valemne er på 15 studiepoeng. I det første semesteret tek studentane dei obligatoriske emna KUN123 og KUN124. I det andre semesteret tek studentane emna KUN121 og KUN122.
Årsstudiet i kunsthistorie inngår i spesialiseringa i kunsthistorie på BA-nivå.
Om våren går desse emna:
KUN121-Kunst og arkitektur i antikk og mellomalder (ca. 600 f.Kr.-1400)
KUN122 -Kunst og arkitektur i tidleg nytid (1400-1750)
Om hausten går desse emna:
KUN 123- Biletkunst, arkitektur og visuell kultur i nyare tid (1750-1900)
KUN124 - Kunst og arkitektur - moderne tid og samtid (1900-i dag)
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Årsstudium, kunsthistorie (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| KUN121 | Kunst og arkitektur i antikk og mellomalder (ca. 600 f.Kr.-1400) | 15 | 1-2 | |||||||||
| KUN122 | Kunst og arkitektur i tidleg nytid (1400-1750) | 15 | 1-2 | |||||||||
| KUN123 | Biletkunst, arkitektur og visuell kultur i nyare tid (1750-1900) | 15 | 1-2 | |||||||||
| KUN124 | Kunst og arkitektur - moderne tid og samtid (1900-i dag) | 15 | 1-2 | |||||||||