Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium, nordisk

ingressbilde

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?

Eit årsstudium i nordisk er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.
Du studerer litteraturemne som tek føre seg litteraturhistorie, litteraturteori og sjangerteori, og språkemne som tek føre seg språkstrukturar, språkbruk og språkhistorie.

Studievegar

Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du tar to emne kvart semester.

NOLI102 - Nordisk: Litteratur etter 1900

NOLI103 - Nordisk: Den eldre litteraturen

NOSP102 - Nordisk: Moderne språk

NOSP103 - Nordisk: Språkhistorie og talemål

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i nordisk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Antall studieplasser

35

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Omfang

60 studiepoeng

Undervisningsspråk

Norsk og i mindre grad dansk og svensk

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Målet for nordiskstudiet er å gje studentane kunnskapar i nordisk, særleg norsk, språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn.

Studiet skal gje grunnlag for betre skrivedugleik, kompetanse til å undervise og arbeide med språklege og litterære emne i andre yrke.

Fordi språket og litteraturen er så nær knytte til opplevinga vår av individuell og sosial identitet, kan studiet også gje viktige impulsar til den personlege utviklinga hos den einskilde studenten.

Årsstudiet er på 60 studiepoeng, fordelte på to litterære og to språklege emne, som alle er på 15 studiepoeng.

Læringsutbyte/resultat

Studiet skal gje studentane ei innføring i terminologi og omgrepsapparat innanfor den nordiske litteratur- og språkvitskapen. Studentane skal tileigne seg kunnskapar om litterære hovudsjangrar, sentrale forfattarskapar og litteraturhistorisk utvikling, og dei skal få kunnskap om språkstruktur, skriftleg og munnleg språkbruk og historisk og geografisk språkleg variasjon.

Studiet skal formidle grunnleggjande kunnskap om den vitskaplege basisen som det nordiske litteratur- og språkstudiet kviler på.

Studiet skal gje studentane metodar til analysar av litterære tekstar og språklege strukturar og øving i å skrive eigne tekstar om litterære og språklege emne og problemstillingar.

Studiet skal så langt råd knyte saman dei ulike enkeltemna og gje studentane eit utgangspunkt for å integrere kunnskap frå ulike delar av studiet.

Studiet skal søkje å gje studentane sjølvstendige og kritiske haldningar til lærestoffet og øve dei i å diskutere og reflektere om faglege spørsmål på grunnlag av tileigna fagleg kompetanse.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Examen facultatum: Språk og kommunikasjon (eller tilsvarande).

Obligatoriske emne / spesialisering

Årsstudiet er samansett av fire obligatoriske emne, kvart på 15 studiepoeng:

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen

NOSP102 Nordisk: Moderne språk

NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål


NOLI103 kan bytast ut med NOLI101 Nordisk: Litteratur fram til 1900.

Rekkefølje for emne i studiet

Denne rekkjefølgja er sterkt tilrådd:

1. semester: NOLI102 og eitt av språkemna

2. semester: NOLI103 og det andre språkemnet

Studiestader

Bergen

Undervisningsmetodar

Førelesingar, kollokvium og seminar. På kollokvia og seminara vil det vere oppgåveløysing, faglege diskusjonar og andre studentaktiviserande arbeidsformer.

Vurderingsformer

Skriftlege og munnlege prøver. Semesteroppgåver og mappeoppgåver skrivne under rettleiing.

Kompetanse for vidare studium

Årsstudiet kan inngå som del av spesialisering i nordisk språk og litteratur, som i sin tur kvalifiserer for opptak til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.

Yrkesvegar

Årsstudiet i nordisk kvalifiserer for yrke innanfor skule- og utdanningssektoren og er relevant for arbeid innanfor kulturliv, media og språk- og informasjonsarbeid.

Evaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Adminstrativ ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

ÅRHF-NOR/Årsstudium, nordisk språk og litteratur
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Årsstudium, nordisk språk og litteratur-emner (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 15 1-2 1
NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål 15 1-2 1
NOSP102 Nordisk: Moderne språk 15 1-2 2
NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen 15 1-2 2