Årsstudium, norsk som andrespråk
Programmet tilbys av
Introduksjon
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?
Eit årsstudium i norsk som andrespråk er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.
Du studerer norsk språk med tanke på undervisning av framandspråklege elevar og får innblikk i tilhøvet mellom tospråklegheit og norsk samfunn og tekstkultur.
NB: Studiet startar i januar.
Studievegar
Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet inneheld fem emne. Du startar studiet om våren, og tar 30 studiepoeng kvart semester.
Vår
NORAN101 (15 stp.) - Norsk språk som andrespråk
NORAN104 (15 stp.) - Andrespråkslæring og -undervisning
Haust
NORAN115 (15 stp.) - Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv
NORAN117 (5 stp.) - Sosiolingvistikk og tospråklegheit
NORAN119 (10 stp.) - Språktesting og språkvurdering
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i norsk som andrespråk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Antall studieplasser
25
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Omfang
60 studiepoeng
Undervisningsspråk
Norsk og eventuelt dansk og svensk.
Studiestart
Studiet tek til i vårsemesteret.
Mål og innhald
Studiet skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk og bli integrerte i det norske samfunnet. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Det høver òg som etterutdanning for lærarar som ønskjer å utvide kunnskapane sine om språk, språklæring og språkundervisning.
Studiet er eittårig. Det er samansett av fem obligatoriske emne:
NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 studiepoeng)
NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)
NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 studiepoeng)
NORAN117 Sosiolingvistikk og tospråklegheit (5 studiepoeng)
NORAN119 Språktesting og språkevaluering (10 studiepoeng)
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med årsstudium i norsk som andrespråk skal kunne
- analysere og tolke norsk språkbruk hos minoritetsspråklege elevar
- ha tileigna seg kunnskap om språklæringsteori og -didaktikk
- kunne vurdere pragmatiske, tekstlege, litterære og kulturelle tilhøve i tilknyting til den språkkunnskapen og -dugleiken elevane skal tileigne seg
- kunne vurdere praktisk språkleg dugleik hos språkinnlærarar og evaluere ulike vurderingsformer og -praksisar
- kunne nytte dei teoretiske kunnskapane til å ta gode didaktiske og pedagogiske avgjerder
- skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK, Examen facultatum: Språk og kommunikasjon
Innføringsemne
Ingen.
Obligatoriske emne / spesialisering
Obligatoriske emne: NORAN101, NORAN104, NORAN115, NORAN117, NORAN119
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkjefølgje: 1. semester (vår): NORAN101, NORAN104; 2. semester (haust): NORAN115, NORAN117, NORAN119
Krav til progresjon i studiet
Ingen
Undervisningsmetodar
Førelesingar, oppgåveskriving under rettleiing, kollokvium.
Vurderingsformer
Skriftlege og munnlege prøver, mappeoppgåver skrivne under rettleiing.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Kompetanse for vidare studium
Studiet kan nyttast som del av ein bachelorgrad etter reglar som gjeld for kvart program.
Yrkesvegar
Saman med praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer studiet for norskundervisning.
Evaluering
Studiet vert evaluert jamleg i samsvar med gjeldande reglar.
Fagansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt: studierettleiar@lle.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Årsstudium, norsk som andrespråk-emner (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Ny ordning fom høst 2009 | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| NORAN101 | Norsk språk som andrespråk | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| NORAN104 | Andrespråkslæring og -undervising | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| NORAN115 | Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv | 15 | 1-4 | 3 | ||||||||
| NORAN117 | Sosiolingvistikk og tospråklegheit | 5 | 1-4 | 3 | ||||||||
| NORAN119 | Språktesting og språkvurdering | 10 | 1-4 | 3 | ||||||||