Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium, religionsvitskap

ingressbilde

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?

Eit årsstudium i religionsvitskap er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.

Du får ei innføring i allmenn religionsvitskap og studerer emne frå dei store verdsreligionane i Vest og Aust, og religionar i Europa og Midtausten, som ikkje lengre er levande, men likevel viktige for historie og kultur.

Studievegar

Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet er inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du tar to emne kvart semester.

Haust
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam

RELV103 - Hindusimen, buddhismen og andre religionar

Vår

RELV101 - Innføring i religionsvitskap

RELV105 - Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i religionsvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær kvote: 47,9
Førstegangsvitnemålskvote: Alle

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Antall studieplasser

33

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Studiestart

Haust eller vår.

Mål og innhald

Religionsvitskap omhandlar religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald i fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjend med ulike metodar og teoriar som vert tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ei dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

- Kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid

- Kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion

- Innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar

Ferdigheiter

- Drøfte religionsvitskaplege problemstillingar

- Kritisk analysere religionshistoriske kjelder

- Sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar

- Sjølvstendig teoretisk tenking

Generell kompetanse

- Forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar

- Handsame store informasjonsmengder

- Argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapeleg forsking

- Utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt

Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Fakultetet sine innføringsemne inngår ikkje i årsstudium slik som i bachelorprogramma. Det vil likevel vere mogleg å velje inn innføringsemne ved særskilt ønskje om dette.

Obligatoriske emne / spesialisering

Årsstudiet i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen utgjer totalt 60 studiepoeng i religionsvitskap.

RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne.

Tilrådde valemne

Studenten kan velje mellom ei rekke ulike spesialiseringsemne i religionsvitskap som fjerde emne.

Rekkefølje for emne i studiet

Fagemna (alle på 15 studiepoeng) vert tilbode slik:

Vår:

RELV101 Innføring i religionsvitskap*

RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne

RELV207 Religion, pluralitet og lokalitet i India±

RELV221 Nyreligiøsitet

RELV224 Hinduismen

RELV227 Religion og menneskerettar

Haust:

RELV102 Jødedom, kristendom, islam*

RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne

RELV207 Religion, pluralitet og lokalitet i India±

RELV208 Samisk religion

RELV222 Religion i antikken

RELV223 Buddhisme og jainismen

RELV225 Islam

RELV226 Norsk kristendom

RELV228 Religion og politikk I

RELV229 Religion og politikk II

* = obligatorisk emne

± = emnet vert undervist i India

= Det vert tilbydd fleire fordjupingstema under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt.

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudiet kan ikkje ta delar av studiet ved utanlandske universitet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalane.

Vurderingsformer

Gjennom spesialiseringa i religionsvitskap vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, munnleg prøve og semesteroppgåve.

Ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i ulike former for skriftleg og munnleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F der F er stryk

2) greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Kompetanse for vidare studium

Eit årsstudium gir grunnlag for opptak til PPU (Praktisk pedagogisk utdanning).

Årsstudiet kan inngå i ein bachelorgrad, og eignar seg godt som etter- eller vidareutdanning.

Yrkesvegar

Eit årsstudium gir grunnlag for kompetanse i undervisning i faga Religion, livssyn og etikk (RLE) i grunnskolen og Religion og etikk i den vidaregåande skolen.

Personar med årsstudium i religionsvitskap arbeider òg i mange ulike yrke, mellom anna i offentleg forvalting, innvandringsrelatert arbeid, sakshandsaming, museum, reiseliv, media, organisasjonsliv, næringsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Fagansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Adminstrativ ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

ÅRHF-RELV/Årsstudium, religionsvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Årsstudium, religionsvitenskap - emner (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam 15 1-2 1
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar 15 1-2 1
RELV101 Innføring i religionsvitskap 15 1-2 2
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion 15 1-2 2
RELV202 Spesialiseringsemne 15 1-2 2
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV207 Religion, pluralitet og lokalitet i India - 1-2 2