Årsstudium, spansk språk og latinamerikastudium
Programmet tilbys av
Introduksjon
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?
Eit årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.
Du studerer moderne spansk språk, historie, litteratur, kultur og samfunn i dei spansktalande landa i Latin-Amerika.
NB: Studiet startar i januar.
Studievegar
Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Oppbygging
Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du startar studiet om våren, og tar to emne kvart semester.
Vår
SPLA101 - Spansk grammatikk og omsetjing
SPLA103 - Latinamerikansk historie
HaustDu vel to av tre emne:
SPLA102 - Latinamerikansk litteratur
SPLA104 - Kultur og samfunn i Latin-Amerika
SPLA105 - Spansk språk II
SPLA105 er obligatorisk hvis du vil ha eit årsstudium som gir undervisningskompetanse.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Eit studium i spansk språk og latinamerikastudium krev gode forkunnskapar i språket. Viktig: Studentar utan nødvendige forkunnskapar må skaffe seg dette på eiga hand før dei tek til med studiet.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær kvote: 41,4.
Kvote for førstegongsvitnemål: Alle.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Antall studieplasser
24
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Mål og innhald
Faget har ei klår orientering mot Latin-Amerika og er såleis å rekne som eit språkstudium som tenderer mot eit områdestudium.
Studentane skal øve opp dei praktiske evnene i språket og få innsikt i moderne spansk språk. Dei skal òg vinne kunnskap om historie, litteratur, kultur og samfunn i dei spansktalande landa i Latin-Amerika.
Tilrådde forkunnskapar
Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på nivå med B2- eller C3-språk frå vidaregåande skule.
Undervisning
Undervisningsformene på emna i årsstudiet femner om førelesingar, gruppeundervisning og lærarstyrte kollokvier. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for dei einskilde emna.
Oppbygging av studiet
Fageining og spesialisering
Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium er bygd opp av disiplinar innan språk, litteratur, kultur og historie. Dei ulike disiplinane er gruppert i fem emne på 15 studiepoeng kvar:
SPLA101: Spansk språk I
SPLA104: Kultur og samfunn i Latin-Amerika
SPLA102: Latinamerikansk litteratur
SPLA103: Latinamerikansk kulturkunnskap
SPLA105: Spansk språk II
Årsstudiet har av 60 studiepoeng, og inneheld våremna SPLA101 og SPLA103, samt to av dei tre haustemna SPLA102, SPLA104 og SPLA105. For at årsstudiet skal gjelde som undervisningsfag for opptak til PPU, må SPLA105 gå inn som emne i årsstudiet.
Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium (grunnlag for opptak til masterstudium) skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.
Vurdering / Eksamensformer
Sjå studieplanane for dei einskilde emna under 'Emneoversikt' på http://miside.uib.no
Oppstart
Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium startar opp kvart vårsemester, og det er såleis berre mogleg å søkje opptak til årsstudium i spansk med start om våren.
Det vert ikkje tilrådd at spanskstudentane startar på 100-nivåstudiet i spansk i haustsemesteret.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk, studierettleiar@if.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Årsstudium, spansk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| SPLA101 | Spansk språk I | 15 | 1-3 | 2 | ||||||||
| SPLA104 | Kultur og samfunn i Latin-Amerika | 15 | 1-3 | 2 | ||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SPLA102 | Latinamerikansk litteratur | 15 | 1-3 | 3 | ||||||||
| SPLA103 | Latinamerikansk historie | 15 | 1-3 | 3 | ||||||||
| SPLA105 | Spansk språk II | 15 | 1-3 | 3 | ||||||||