Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium, tysk

ingressbilde

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?

Eit årsstudium i tysk er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.

Du studerer grammatikk, lydlære, språkmeistring, språkhistorie, kulturkunnskap og litteraturkunnskap. Eit seks veker langt kurs i Tyskland inngår i studiet.

NB: Studiet startar i januar.

Studievegar

Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du startar studiet om våren, og tar to emne kvart semester.

Vår
TYS111 - Grunnemne i tysk språk I
TYS112 - Tyskspråkleg kultur
Undervisninga i delar av TYS111 og TYS112 vil bli lagd til Universitetet i Kiel.

Haust
TYS113 - Grunnemne i tysk språk II
TYS114 - Tyskspråkleg litteratur

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i tysk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Eit studium i tysk krev gode forkunnskapar i språket. Viktig: Studentar utan nødvendige forkunnskapar må skaffe seg dette på eiga hand før dei tek til med studiet.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Antall studieplasser

9

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Mål og innhald

Tyskstudiet skal øve opp den praktiske språkdugleiken (skriftleg og munnleg) til studentane og gi dei innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landa sin litteratur, kultur og samfunnsforhold. I språkdelen av studiet skal studenten tileigne seg kunnskapar om tysk grammatikk/språkstruktur i ei rekkje sentrale tema og få innsikt i tysk språkutvikling med hovudvekt på nyhøgtysk. Litteraturdelen omfattar ei generell innføring i tyskspråkleg litteraturhistorie og litterær analyse. I kulturdelen skal studenten vinne kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet legg vekt på å utvikle eit reflektert og sjølvstendig forhold til stoffet gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver.

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Undervisning

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar, seminar og gruppeundervisning og føreset aktiv deltaking frå studentane. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for enkeltemna.

Fageining og spesialisering

Årsstudiet i tysk utgjer dei obligatoriske 60 studiepoenga på 100-nivået av ei spesialisering i tysk språk, litteratur og kultur. Studiet er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng:

TYS111 Grunnemne i tysk språk I
TYS112 Tyskspråkleg kultur
TYS113 Grunnemne i tysk språk II
TYS114 Tyskspråkleg litteratur

Årsstudiet i tysk kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i tysk eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i tysk skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.

Vurdering / Eksamensformer

Sjå studieplanane for enkeltemna.

Yrkesvegar

Årstudiet i tysk kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.

Oppstart

Årsstudiet i tysk startar opp kvart vårsemester.

Planforslag

Årsstudiet i tysk er eit fulltidsstudium, med undervisning og eksamen i to emne kvart semester. I første semester (vårsemesteret) tar studentane TYS111 Grunnemne i tysk språk I og TYS112 Tyskspråkleg kultur. I andre semester (haustsemesteret) tar studentane TYS113 Grunnemne i tysk språk II og TYS114 Tyskspråkleg litteratur.

ÅRHF-TYS/Årsstudium, tysk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Årsstudium, tysk, emner (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS111 Grunnemne i tysk språk I 15 1-4 2
TYS112 Tyskspråkleg kultur 15 1-4 2
TYS113 Grunnemne i tysk språk II 15 1-4 3
TYS114 Tyskspråkleg litteratur 15 1-4 3