Årsstudium i naturvitskaplege fag
Programmet tilbys av
Introduksjon
Har du planar om ta å emne i løpet av eitt år? Vil du supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde? Har du planar om å ta Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)?
Dei naturvitskaplege faga har stor spennvidd og dekkjer fag som biologi, kjemi, molekylærbiologi, nanoteknologi, fysikk, geofysikk, geologi, datavitskap, datateknologi, matematikk, meteorologi og oseanografi, petroleum- og prosessteknologi. På årsstudiet i naturvitskaplege fag kan du velje å konsentrere deg om berre eitt fag, eller du kan kombinere emne frå fleire fagområde.
Innanfor dei ulike faga er det mange spennande emne å velje mellom. Er du mest interessert i evolusjon, økologi og genetikk? Eller kanskje bergartar og ulike geologiske tidsepokar? Er det klimaproblematikken som opptek deg mest for tida? Eller ønskjer du å fordjupe deg i dei fysiske omgrepa rørsle, kraft, energi, bølgjer og lyd? Du kan også lære å løyse problemstillingar ved å tileigne deg gode programmeringsteknikkar og metodar.
Dersom du har planar om å ta Praktisk-pedagogisk utdanning og treng eit undervisningsfag for å dekkje delar av opptakskravet til PPU, må du fylle ein tilrådd kombinasjon av emne frå det aktuelle faget. eit årsstudium i årsstudiet i naturvitskaplege fag passar til dette formålet.
Målgruppe
Årsstudium i naturvitskaplege fag er eit søknadsalternativ for deg som berre skal studere ved Universitetet i Bergen i eitt år, og som ikkje har planar om å ta ein grad.
Årsstudiet er for deg som:
¿ønskjer å kvalifisere deg for opptaksgrunnlag til Praktisk-pedagogisk utdanning
¿ønskjer å supplere tidlegare utdanning eller fordjupe deg innanfor eit fagområde
Dersom du vurderer årsstudium fordi du er usikker på om du vil fullføre ein bachelorgrad, eller er usikker på hvilket studieprogram du skal søkje deg inn på, bør du tenke om igjen. Du kan når som helst slutte på eit program og få ei karakterutskrift som viser alle emne du har tatt eksamen i. Det er også mogleg å bytte program. Fordelane med studieprogramma er at du får eit ferdig oppsett utdanningsprogram, og du er garantert plass på emna i dette programmet.
Studievegar
Opptak til årsstudium i naturvitskaplege fag gir studierett til opne emne i realfag over to semester.
Du set sjølv saman studieplanen din med emne frå dei naturvitskaplege faga ut frå forkunnskapane dine. Emna du vel blant er altså ein del av det ordinære emnetilbodet.
Du treng ikkje ta ex.phil. eller andre førstesemesteremne dersom du berre skal studere eitt år ved universitetet. Det er fleire måtar å fylle eit årsstudium på:
- Fagstudium
I eit eittårig fagstudium kan du velje eitt fag i begge semestra som utgjer til saman 60 studiepoeng. Du står da fritt til å setje saman emne innan faget.
- Fritt valde emne
I løpet av studieåret set du saman emne sjølv. Du kan velje om du vil inkludere ex.phil. og andre førstesemesteremne, du kan ta med emne frå berre eitt av dei naturvitskaplege faga, eller du kan kombinere emne frå fleire fag. Innanfor visse rammer kan du også velje blant andre opne emne ved Universitetet i Bergen.
- Opptaksgrunnlag til Praktisk-pedagogisk utdanning
Eit årsstudium i naturvitskaplege fag kan gi deg noko av grunnlaget for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning. Til dømes kan du følgje ein tilrådd emnekombinasjon som kvalifiserer deg til å følgje to av fagdidaktikkemna som UiB har tilbod i. Men må vi gjere deg merksam på at det i mange tilfelle kan ta meir enn eitt år for å gjennomføre den tilrådde emnekombinasjonen.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på http://www.uib.no/
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad viss du søkjer overgang til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt. Men ver klar over at ein slik overgang kan føre til at du må bruke meir enn tre år på å oppnå ein bachelorgrad.
Viss du for eksempel tek 60 studiepoeng med emne som ikkje inngår i programmet du søkjer overgang til, og dette studieprogrammet har mindre enn 60 studiepoeng valfrie emne, vil du måtte bruke meir enn tre år på å oppnå ein bachelorgrad.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i naturvitskaplege fag
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på http://www.uib.no/
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad viss du søkjer overgang til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt. Men ver klar over at ein slik overgang kan føre til at du må bruke meir enn tre år på å oppnå ein bachelorgrad.
Viss du for eksempel tek 60 studiepoeng med emne som ikkje inngår i programmet du søkjer overgang til, og dette studieprogrammet har mindre enn 60 studiepoeng valfrie emne, vil du måtte bruke meir enn tre år på å oppnå ein bachelorgrad.
Antall studieplasser
75
Meir informasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar:
Epost: studierettleiar.mnfa@uib.no
Telefon: 55 58 30 30
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Du velger selv hvilke emner du vil ta, og om du vil være fulltids- eller deltidsstudent. Studieretten er gyldig i et år, men studietiden kan forlenges gjennom et nytt opptak. | ||||||||||||
| Valemner (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Alle emner er valgfrie i årsstudiet og du må selv sette sammen ditt eget studium. | ||||||||||||