Hjem

Pedagogikk, årsstudium

Årsstudiet gir deg ei grunnleggande innføring i dei mest sentrale områda i pedagogikkfaget. Her lærer du korleis vi kommuniserer og utviklar kunnskap, og kva betydning utdanning har for samfunnet.
  • Lengde1 år
  • Ordinær55,5
  • Primær42,7
  • Plassar40
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Årsstudiet i pedagogikk gir deg kompetanse som blant anna skolen og helsevesenet har bruk for. Studiet handlar om ulike perspektiv på læring og undervisning. Det kan vere faglege og etiske problemstillingar knytt til pedagogiske aktivitetar, pedagogiske grunnlagsspørsmål knytt til danning, rettferd og ulikskap, og utdanning i eit samfunn i endring. 

Du får ikkje ein grad (vitnemål) av å ta dette årsstudiet åleine, men det kan inngå som første året i ein bachelorgrad i pedagogikk eller som valfrie studiepoeng i ein bachelorgrad ved UiB.  

Studiekvardag 

Undervisninga på årsstudiet går over to semester, haust og vår,. Som pedagogikkstudent blir du del av eit godt studiemiljø. Undervisninga består av forelesingar, seminargrupper, oppgåver og praktiske øvingar. Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12. Der vil du finne lesesalar, undervisningsrom, grupperom og kantine.  

Kva kan du jobbe som? 

Årsstudium i pedagogikk gir kompetanse som er relevant for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, ulike private bedrifter, ideelle organisasjonar og ulike delar av helsevesenet der pedagogisk fagkunnskap er etterspurt.  

Bygger du vidare med ein bachelorgrad eller mastergrad i pedagogikk, opnar det seg fleire karrieremoglegheiter, og du kan for eksempel jobbe  

  • som karriererettleiar 
  • som ruskonsulent 
  • i ideelle organisasjonar der pedagogisk fagkunnskap er etterspurt 
  • i media   
  • innan kulturformidling  
  • som opplæringsleiar  
  • som pedagogisk konsulent   

og liknande yrke i både offentleg og privat sektor. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes. 

1. semester  

  • Innføring i pedagogikk (PED110, 15 studiepoeng)   
  • Pedagogiske perspektiv på læring (PED112, 15 studiepoeng) 

2.  semester 

  • Pedagogisk filosofi (PED111, 15 studiepoeng)  
  • Læring i og for arbeidslivet (PED113, 15 studiepoeng) 

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på denne utdanninga. 

Vidare studiemoglegheiter 

Dersom du tar dei fire emna i årsstudiet, kan du søke overgang til andre året på bachelorprogrammet i pedagogikk. Her finn du meir informasjon om dette: Bytte av studieprogram ved Det psykologiske fakultet  

Spørsmål om studiet? 

Tlf: +47 55 58 27 10

E-post: info.psyfa@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her