Årsstudium i psykologi
Programmet tilbys av
Introduksjon
Har du planar om å bli psykolog? Eller vil du studere i berre eitt år? Vil du supplere tidlegare utdanning, eller fordjupe deg i psykologiske emne?
Årsstudiet i psykologi kan, i kombinasjon med andre fag, gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor ¿ for eksempel i skolen, privat sektor, ideelle organisasjonar, helsesektoren og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurt. For å bli psykolog må du bli teken opp på og fullføre det femårige psykologstudiet.
Vil du bli psykolog?
For å kome inn på psykologstudiet må du ta eit årsstudium i psykologi sett saman av fem ulike emne. Desse emna gir deg ei innføring i den psykologiske vitskapen som omfattar kjennskap til psykologien si historie, viktige teoriar i psykologien, faget sine forskingsmetodar og sentrale forskingsresultat.
Du får kjennskap til biologiske, kognitive og sosiale perspektiv på utvikling, i tillegg til teoriar om persepsjon, læring, minne, kognisjon, tenking, personlegdom og intelligensomgrep.
Målgruppe
Årsstudium i psykologi er eit søknadsalternativ for deg som seinare har planar om å søke psykologstudiet (fem år), eller for deg som berre har tenkt å studere fag ved UiB i eitt år og som ikkje har planar om å ta ein grad. Det kan òg vere eit alternativ for deg som ønsker å studere nokre fagemne for å supplere ei allereie påbegynt utdanning, eller vil samle tilleggspoeng for å søke opptak til ei anna utdanning.
Studievegar
Opptaksgrunnlag for psykologstudiet
Dersom du ønsker å kvalifisere deg for opptak til psykologstudiet, må du fylle årsstudiet med emna ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi, i tillegg til generell psykologi 1 og generell psykologi 2.
Fagstudium
I eit eittårig psykologistudium står du fritt til å sette saman studiet ditt. Du kan velje mellom alle opne emne innanfor generell psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, personalpsykologi og pedagogikk. Du kan eventuelt også velje emne frå andre fagområde ved UiB, som for eksempel humanistiske fag eller samfunnsvitskaplege fag.
Vidare studium
Avlagde eksamenar i årsstudiet vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du søker opptak til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt. Karakterane frå årsstudiet avgjer om du kjem inn på det femårige psykologstudiet.
Visste du at ...
Emosjon kan påverke kor risikabelt ein synes noko er.
Oppbygging
Opptak til årsstudiet gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium
(60 studiepoeng).
Det er fleire måtar å fylle eit årsstudium på:
- Du kan velje dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet.
- Du kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag eller du kan velje blant andre opne emne ved UiB.
Under ser du hvordan eit årsstudium som kvalifiserer for opptak til femårig psykologstudium er lagt opp.
1. semester:
- EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- EXFAC03P Examen facultatum (10 studiepoeng)
- PSYK100 Innføring i psykologi (10 studiepoeng
2. semester:
Yrkesvegar
Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike private verksemder, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande, der psykologisk fagkunnskap er etterspurt. For å bli psykolog må du bli teken opp på og fullføre psykologstudiet.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i psykologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 49
Førstegangsvitnemål: 45,6
Antall studieplasser
390
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.psyfa@uib.no
55 58 27 10
Studiestart
Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).
Mål og innhald
Psykologi er det vitskapelege studiet av menneske (og dyr) sin åtferd, inklusive tankar og kjenslar. Åtferd forklarast i psykologien med teoriar som er byggja på vitskapelege metodar. Studiet gir ei innføring i dei psykologiske basaldisiplinane (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi) i tillegg til ei innføring i psykologien sine metodar og historie. Årsstudiet i psykologi representerer ei utdanning som skal gje ein generell teoretisk kunnskap innan dei psykologiske basalområda med moglegheit for fordjuping i utvalde applikasjonsfelt. Studiet gir også kunnskap innan generell psykologisk forskingsmetodikk.
Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Det er 3 måtar å fylle eit årsstudium på:
- Ein kan velje årsstudiet i psykologi medrekna ex.phil. og ex.fac., som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet
- Ein kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag
- Ein kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen
Ein kan altså studere alle opne emne innan dei psykologiske faga eller dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet. Dei obligatoriske emna er:
- EXPHIL: Examen philosophicum. Emnet gir eit overordna filosofisk perspektiv. Føremålet med emnet er å gje ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenkemåte, særleg i høve til psykologiske grunnlagsproblem.
- EXFAC03P: Examen facultatum, psykologi. Emnet tek føre seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapeleg disiplin.
- PSYK100: Innføring i psykologi. Emnet skal gje eit overordna innsyn i den psykologiske vitskapen. Emnet tek opp psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom.
- PSYK101: Generell psykologi 1. Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar.
- PSYK102: Generell psykologi 2. Emnet skal gje ei fordjuping i psykologifaget sitt sosiale fundament. Vidare gir emnet kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Kurset inneheld også ei innføring i psykologifaget sine forskingsmetodar.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullførd årsstudium skal du skal ha kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innan faget.
Opptakskrav
For å søkje opptak til årsstudiet må du ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse.
Rekkefølje for emne i studiet
Dersom ein vel årsstudiet som kvalifiserar for opptak til profesjonsstudiet i psykologi vert det anbefalt at ein tek emna i følgjande rekkefølgje:
1. semester:
- Examen philosophicum (10 sp).
- EXFAC03P Examen fakultatum (10 sp)
- PSYK100 Innføring i psykologi (10 sp)
2. semester:
Vurderingsformer
Det blir lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver.
Karakterskala
Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.
Kompetanse for vidare studium
Hele eller delar av studiet kan innpassast i ein bachelorgrad. Eit årsstudium i psykologi som består av ex.phil. , EXFAC03P, PSYK100, PSYK101 og PSYK102 kvalifiserer for opptak til psykologstudiet.
Yrkesvegar
Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, i ulike delar av privat verksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesen og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. For å bli psykolog må du bli oppteken på, og fullføre, psykologstudiet.
Evaluering
Årsstudiet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av enkeltemne er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Det psykologiske fakultet.
Programstyret for årsstudiet og bachelorprogrammet i generell psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Kontakt: post@psyfa.uib.no/55 58 27 10
Adminstrativ ansvarleg
Det psykologiske fakultet.
Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no/55 58 27 10
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Som student på årsstudium i psykologi kan du i utgangspunktet velge fritt blant alle åpne emner ved UiB. Dersom du ønsker å bli psykolog og tar sikte på opptak til det femårige psykologstudiet må du imidlertid velge emner som utgjør opptaksgrunnlaget til dette studiet. | ||||||||||||
| Valgfrie emner (60 studiepoeng) (krav: 0 SP) | ||||||||||||
| Med en studierett på årsstudium i psykologi kan du selv sette sammen ett års studier (60 studiepoeng) ved å velge blant alle åpne emner ved UiB. | ||||||||||||
| Obligatoriske emner for opptak til psykologstudiet (krav: 0 SP) | ||||||||||||
| Dersom du tar sikte på opptak til det femårige psykologstudiet utgjør disse emnene opptaksgrunnlaget. Legg merke til at du kun trenger å velge en av ex.phil.-variantene, enten EXPHIL-PSSEM eller EXPHIL-PSEKS. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXPHIL-PSSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-PSEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| EXFAC03P | Examen facultatum, Psykologi | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| PSYK100 | Innføring i psykologi | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| PSYK101 | Generell psykologi 1 | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| PSYK102 | Generell psykologi 2 | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||