Årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap
Programmet tilbys av
Introduksjon
Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studium av politikk, forvalting og organisasjon.
Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.
Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:
- Du kan studere emne frå eitt fag.
- Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
- Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.
Målgruppe
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet? Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.
Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i samfunnsfag og samfunnskunnskap dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .
Studievegar
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.
Oppbygging
1. semester
- AORG101: Organisasjonsteori I
Eitt av
2. semester
Emnesamansetjing for undervisningskompetanse i samfunnsfag
Studentar som skal kvalifisere til samfunnsfagdidaktikk må ha minst 60 studiepoeng fordjuping i henholdsvis samanliknande politikk, sosiologi, sosialantropologi eller administrasjon og organisasjonsvitskap. Det er også mogleg å ta ein kombinasjon av emne fra dei fire faga og samfunnsøkonomi. Tabellen under viser dei to alternativa:
Alternativ 1:
Studenten må ha 60 studiepoeng fordjuping innan eit av fagområda administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk, sosiologi eller sosialantropologi. Se studieplanen til det enkelte årsstudiet for detaljert oversikt over kva emne som inngår.Alternativ 2:
Studenten må ha 60 studiepoeng satt saman på følgjande måte: Studenten må ha 30 studiepoeng innan ein av følgjande emnekombinasjonar:- SAMPOL110,
- SOS101 og SOS103
- AORG103 og AORG104
- 2 av følgjande 4 emne: SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105.
- Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap
- Årsstudiet i samanliknande politikk
- Årsstudiet i sosiologi
- Årsstudiet i sosialantropologi
- I tillegg godtas emna ECON110, ECON130, ECON210 og ECON230.
Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
For poenggrenser, sjå www.samordnaopptak.no
Antall studieplasser
20 (Talet på studieplassar kan bli justert).
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
studierettleiar@aorg.uib.no
55 58 21 75
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap er eit eittårig studium som omfattar 60 studiepoeng fordelt på to semester.
Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus vert retta særleg på utforminga og iverksettinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken vert til, og kva slags konsekvensar dette har for verdifordelinga i samfunnet. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. I forhold til andre samfunnsvitskaplege fag er vi meir opptatt av samfunnet sin politiske organisering og styringsformer. Viktige tema er deira normative grunnlag, korleis dei vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har.
Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen og lede fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket
Læringsutbyte/resultat
Kandidaten har kjennskap til sentrale ideer, teorier og kunnskapsområde innenfor faget. Kandidaten har utviklet analytisk og metodisk kompetanse og ha forståelse for en vitenskapelig arbeidsmåte. Studiet gir kandidaten en kritisk og prøvende holdning til forskingsresultat og samfunnsdebatter.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innføringsemne
Årsstudiet er ikkje innretta med generelle innføringsemne slik som i bachelorprogramma
Rekkefølje for emne i studiet
1. semester
- AORG101: Organisasjonsteori I
Eitt av
2. semester
Emnesamansetjing for undervisningskompetanse i samfunnsfag
Studentar som skal kvalifisere til samfunnsfagdidaktikk må ha minst 60 studiepoeng fordjuping i henholdsvis samanliknande politikk, sosiologi, sosialantropologi eller administrasjon og organisasjonsvitskap. Det er også mogleg å ta ein kombinasjon av emne fra dei fire faga og samfunnsøkonomi. Tabellen under viser dei to alternativa:
Alternativ 1:
Studenten må ha 60 studiepoeng fordjuping innan eit av fagområda administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk, sosiologi eller sosialantropologi. Se studieplanen til det enkelte årsstudiet for detaljert oversikt over kva emne som inngår.
Alternativ 2:
Studenten må ha 60 studiepoeng satt saman på følgjande måte:
Studenten må ha 30 studiepoeng innan ein av følgjande emnekombinasjonar:
- SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107
- SOS101 og SOS103
- AORG103 og AORG104
- 2 av følgjande 4 emne: SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105.
I tillegg kan studenten velgje fritt 30 studiepoeng frå emne som inngår i følgjande årsstudier:
- Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap
- Årsstudiet i samanliknande politikk
- Årsstudiet i sosiologi
- Årsstudiet i sosialantropologi
- I tillegg godtas emna ECON110, ECON130, ECON210 og ECON230.
Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Studiestader
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
Studieveileder@aorg.uib.no / 55 58 21 75/78
Delstudium i utlandet
Årsstudium opnar ikkje for muligheitar til å ta deler av studiet i utlandet.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vil normalt vere satt saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.
Vurderingsformer
Emna som inngår i den tilrådde oppbygginga av studiet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformar: heimeeksamen og/eller skuleeksamen.
Karakterskala
Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten
1) Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
2) Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.
Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.
Kompetanse for vidare studium
Eit årsstudium kan inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i administrasjon og organisasjonsvitskap innan eit bachelorprogram med spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitskap. Det vil vere muligheit til å søkje om intern overgang frå årsstudiet til bachelorprogrammet.
Yrkesvegar
Årsstudiet er ikkje i seg sjølve eit grads- eller vitnemålsgivande studium. Årsstudiet er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ei større bredde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket.
Evaluering
Evaluering av årsstudiet er regulert gjennom generelle kvalitetssikringsrutinar. Emna som inngår i studiet vert evaluert av studentar og faglærarar jamleg.
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
Studieveileder@aorg.uib.no
55 5821 75/78
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Emneval for årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Det er flere måter å sette opp et årsstudium på. Årsstudium med spesialiseringsemner anbefales studenter med tidligere studieerfaring (minst 10 studiepoeng fra universitet eller høyskole). Årsstudium med innføringsemner og Ex.phil anbefales studenter uten tidligere studieerfaring. Du kan også velge fritt blant åpne emner ved UiB som til sammen utgjør 60 studiepoeng. Veivalget kan endres senere dersom du ombestemmer deg. | ||||||||||||
| Årsstudium med spesialiseringsemne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Emnesamansetjinga kvalifiserer til opptak til samfunnsfagdidaktikk (gir undervisningskompetanse). | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| AORG101 | Organisasjonsteori | 15 | 1-2 | 1 | ||||||||
| AORG104 | Politisk teori og styreformar | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| MET102 | Samfunnsvitskapleg metode | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| AORG103 | Politikk og forvalting | 15 | 1-2 | 1 | ||||||||
| AORG107 | EU og internasjonale organisasjonar | 15 | 1-2 | 1 | ||||||||
| Årsstudium med innføringsemne og Ex.phil. (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Anbefales studenter uten tidligere studieerfaring | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| SV100 | Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| AORG100 | Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| AORG104 | Politisk teori og styreformar | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| MET102 | Samfunnsvitskapleg metode | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Emnesamansetjing for undervisningskompetanse i samfunnsfag. Alternativ 1: 60 sp fordjuping innan eit av fagområda administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk, sosiologi eller sosialantropologi. Se studieplanen til det enkelte årsstudiet for detaljert oversikt over kva emne som inngår. Alternativ 2: 60 studiepoeng satt saman på følgjande måte: 30 studiepoeng innan ein av følgjande emnekombinasjonar: SAMPOL110, SOS101 og SOS103 AORG103 og AORG104 2 av følgjande 4 emne: SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105. I tillegg kan studenten velgje fritt 30 studiepoeng frå emne som inngår i følgjande årsstudier: Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap Årsstudiet i samanliknande politikk Årsstudiet i sosiologi Årsstudiet i sosialantropologi I tillegg godtas emna ECON110, ECON130, ECON210 og ECON230. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU (Praktisk pedagogisk utdanning). | ||||||||||||