Årsstudium i geografi
Programmet tilbys av
Introduksjon
Geografifaget er tverrfagleg og dreier seg om verdsbiletet - om mangfald, variasjon og samspel i det naturgitte og det menneskeskapte på jordoverflata.
Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.
Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:
- Du kan studere emne frå eitt fag.
- Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
- Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.
Målgruppe
Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet? Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.
Årsstudiet i geografi gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i geografi dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .
Studievegar
Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.
Oppbygging
Emnesamansetjing for undervisningskompetanse i samfunnsfag
Studentar som skal kvalifisere til samfunnsfagdidaktikk må ha minst 60 studiepoeng fordjuping i henholdsvis samanliknande politikk, sosiologi, sosialantropologi eller administrasjon og organisasjonsvitskap. Det er også mogleg å ta ein kombinasjon av emne fra dei fire faga og samfunnsøkonomi. Tabellen under viser dei to alternativa:
Alternativ 1:
Studenten må ha 60 studiepoeng fordjuping innan eit av fagområda administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk, sosiologi eller sosialantropologi. Se studieplanen til det enkelte årsstudiet for detaljert oversikt over kva emne som inngår.Alternativ 2:
Studenten må ha 60 studiepoeng satt saman på følgjande måte: Studenten må ha 30 studiepoeng innan ein av følgjande emnekombinasjonar:- SAMPOL110,
- SOS101 og SOS103
- AORG103 og AORG104
- 2 av følgjande 4 emne: SANT102, SANT103, SANT104 og SANT105.
- Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap
- Årsstudiet i samanliknande politikk
- Årsstudiet i sosiologi
- Årsstudiet i sosialantropologi
- I tillegg godtas emna ECON110, ECON130, ECON210 og ECON230.
Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i geografi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
For poenggrenser ved forrige opptak, sjå www.samordnaopptak.no
Antall studieplasser
20 (Talet på studieplassar kan bli justert).
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no eller ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Institutt for geografi
studierettleiar@geog.uib.no
55 58 30 73
Undervisningsspråk
Alle kurs på 100-nivå vert undervist på norsk
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Geografifaget dreiar seg om verdsbiletet - om mangfald, variasjon og samspel i naturgjevne og menneskeskapte lokale og globale prosessar på jordoverflata. Faget er kjenneteikna ved store kontaktflatar til andre fagdisiplinar innan både samfunnsvitskap og naturvitskap.
- Samfunnsgeografien tar i bruk samfunnsvitskaplege teoriar og metodar, og er opptatt av å forstå og forklare korleis menneskeskapte forhold vert uttrykt i den måten me t.d. buset oss på, samstundes som stad og rom legg premissane for økonomisk, sosial og kulturell utvikling.
- Naturgeografi tar utgangspunkt i naturlandskap og søkjer gjennom ulike metodar å forklara korleis ulike prosessar har forma og formar landskapet.
Gjennom forsking og undervisning tar Institutt for geografi sikte på å ivareta fagtradisjonane gjennom fire studieretningar; Naturgeografi, Miljø- og landskapsgeografi, Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging og Utviklingsgeografi. Forsking og undervisning i desse områda kan ha ulike romlege nivå, frå det lokale til det globale. Omgrepa rom, stad og region står sentralt i geografisk forsking, men kan bli gitt ulikt innhald i dei ulike teoretiske tilnærmingane. Metodisk er faget så vel kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar utgjer difor ein sentral metodisk del av faget, noko som kjem til uttrykk i undervisninga. Særskilde geografiske metodar omfattar dessutan kartografi, geografiske informasjonssystem (GIS) og fjernanalyse (satellittmåling).
Studiet er emnedelt, og ein kan velje mellom dei ulike studieretningar ved å kombinera ulike emne. Nokre av emna føreset bestått eksamen i bestemte emne på førehand. Difor bør studentar som vil gå vidare innan faget orientere seg om heile studieplanen og dei undervisningstilbod som vert gitt ved Institutt for geografi. Både dei reine geografiemna og dei emna som instituttet har det administrative ansvaret for i tverrfaglege gradar, er merka med prefikset GEO i studieplanen. Feltkurs og ekskursjonar utgjer ein viktig del av undervisninga på alle nivå og er obligatorisk. For nærmare omtale av dei ulike emna viser vi til emneskildringane i studieplanen og emneoversikta.
Læringsutbyte/resultat
Gjennom årsstudiet i geografi skal studenten tileigne seg kunnskap om kor og korleis folk og ressursar er fordelte på jorda, korleis og av kven ressursane blir forvalta, kvifor tilgangen på ressursar er ulikt fordelt og korleis areal og ressursar kan forvaltast på ein god og framtidsretta måte. Studentane skal opparbeide seg innsikt i kva slags samfunnsmessige forhold og prosesser som påverkar fattigdom og velferd, føresetnader for utvikling i nord og sør, korleis natur og naturforhold påverkar folk og samfunn og korleis areal- og ressursbruken påverkar natur, miljø og klima i havet, i ferskvatn og på landjorda. Gjennom studiet skal studentane opparbeide seg kunnskap om føresetnader for lokal og regional utvikling, globalisering og verknadene av dette i ulike deler av verda.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Innføringsemne
Innføringsemner inngår ikkje i årsstudier slik som i bachelorprogramma. Det vil likevel vere mogleg å velgje inn innføringsemne ved særskilt ønskje om dette.
Rekkefølje for emne i studiet
Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen blir dekt gjennom eksamen i 60 studiepoeng blant emna GEO111, 112, 115, 121, 131, 123 og 151. Det er eit krav at du har minst 20 poeng innan anten natur- eller samfunnsgeografi. GEO115 kan inngå i begge retningane.
For studentar med tidlegare høgskole- eller universitetsutdanning vert dette studieløpet tilrådd (som gir undervisningskompetanse):
- 1. semester - HAUST; GEO123, GEO151 og GEO112
- 2. semester - VÅR; GEO115, GEO131 og GEO111 eller GEO121
For førsteårsstudentar utan tidlegare høgskole- eller universitetsutdanning vert dette studieløpet tilrådd:
Delstudium i utlandet
Studentar på årsstudiet i geografi kan ikkje ta deler av studiet i utlandet.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet brukar i all hovudsak desse eksamensformene:
- skriftleg eksamen
- feltrapport (gruppeeksamen) i kombinasjon med munnleg eksamen.
Karakterskala
Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten
- Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
- Som ein bokstav, etter skalaen Karakterskala A-F kor A er best og F er ikkje bestått.
Bokstavkarakterar er det vanlegaste.
Kompetanse for vidare studium
Årsstudium kvalifiserer for å søkje internovergang til Bachelor i geografi.
Yrkesvegar
Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit kvalifiserande og vitnemålsgivande studium. Årsstudium er ei kortare utdanning som kan nyttast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ei større breidde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi undervisingskompetanse for tilsetting i skuleverket.
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for geografi
studieveileder@geog.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Det er flere måter å sette opp et årsstudium på. Årsstudium med spesialiseringsemner anbefales studenter med tidligere studieerfaring (minst 10 studiepoeng fra universitet eller høyskole). Årsstudium med innføringsemner og Ex.phil anbefales studenter uten tidligere studieerfaring. Du kan også velge fritt blant åpne emner ved UiB som til sammen utgjør 60 studiepoeng. Veivalget kan endres senere dersom du ombestemmer deg. | ||||||||||||
| Emnevalg for årsstudium i geografi (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen dekkjast gjennom eksamen i 60 studiepoeng blant emna GEO111, 112, 115, 121, 131, 123 og 151. Det er eit krav at du har minst 20 poeng innan anten natur- eller samfunnsgeografi. GEO115 kan inngå i begge retningane. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU. | ||||||||||||
| Årsstudium med spesialiseringsemne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| GEO123 | Regional utvikling | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| GEO151 | Feltkurs i samfunnsgeografi | 5 | 1-2 | 1 | ||||||||
| GEO112 | Vegetasjon, klima og marin geografi | 15 | 1-2 | 1 | ||||||||
| GEO115 | Kartografi og feltkartlegging | 5 | 1-2 | 2 | ||||||||
| GEO131 | Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden | 10 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEO111 | Landformdannande prosessar | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| GEO121 | Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Årsstudium med innføringsemner og Ex.phil. (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Anbefales studenter uten tidligere studieerfaring | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| GEO100 | Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| SV100 | Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-2 | 1 | ||||||||
| GEO115 | Kartografi og feltkartlegging | 5 | 1-2 | 2 | ||||||||
| GEO131 | Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden | 10 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEO111 | Landformdannande prosessar | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| GEO121 | Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad | 15 | 1-2 | 2 | ||||||||
| Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng (krav: 60 SP) | ||||||||||||