Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Årsstudium i informasjonsvitskap

ingressbilde

Introduksjon

Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år (60 studiepoeng). Du tek til saman 30 studiepoeng kvart semester. Du kan studere alle opne emne innan samfunnsfaga våre.

Det er tre måtar å fylle eit årsstudium på:

  1. Du kan studere emne frå eitt fag.
  2. Du kan setje saman emne som gir deg undervisningskompetanse i eit fag i vidaregåande skole.
  3. Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen.

Målgruppe

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet? Eit årsstudium i samfunnsvitskaplege fag er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå. Dersom du ønskjer eit lengre studium bør du velje eit bachelorprogram.

 

Årsstudiet i informasjonsvitskap gir undervisningskompetanse i ungdomsskulen og i vidaregåande skule i informasjonsteknologi dersom du fyller eit heilt år med tilrådde emne frå faget .

Studievegar

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei «frie» bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei «frie» bachelorprogramma.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i informasjonsvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ei liste over poenggrensene for 2009 finn du under menypunktet "Opptak" / "Opptak gjennom Samordna opptak"

Antall studieplasser

20 (Talet på studieplassar kan bli justert).

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/ikt eller ta kontakt med studierettleiar!
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar@info.uib.no
55 58 41 17 / 55 58 91 00

Studiestart

Årsstudium i informasjonsvitskap har berre studiestart om våren

Mål og innhald

Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Gjennom studiet i informasjonsvitskap utviklar du evner til samarbeid og kritisk tenking, og kreativitet er noko som er sentralt i arbeidet med å lage dei beste løysningane for brukarane. Du lærer korleis behandling av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). IKT kan for eksempel vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskinar, datanettverk og internett. Desse kunnskapane vert nytta til aktiv problemløysing og produktutvikling.

Eit årsstudium gir ikkje noko form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.

Opptakskrav

Det vert ikkje stilt formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Rekkefølje for emne i studiet

 

INFO110, INFO132, INFO125
+ anten INFO102 + INFO103 eller INFO262
+ to av følgjande emne: INFO115, INFO116, INFO212*

* det er berre mogleg å ta den tilrådde emnesamansetjinga som årsstudium med oppstart om våren.

Yrkesvegar

Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde som er informasjonssystem, datahandtering og programutvikling. Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i informasjonsvitskap, som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.

Årsstudiet i informasjonsvitskap gir grunnlag for opptak til PPU ved UiB.

ÅRSV-INFO/Emnevalg årsstudium i informasjonsvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Emnevalg årsstudium i informasjonsvitenskap (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO110 Informasjonssystem 10 2-3 2
INFO132 Grunnkurs i programmering 10 2-3 2
INFO125 Datahåndtering 10 2-3 3
  Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO115 The Social Web 10 2-3 3
INFO116 Semantic Technologies 10 2-3 3
INFO212 Systemutvikling 10 2-3 3
  Minst 10 studiepoeng
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO102 Formelle metodar for informasjonsvitskap 5 2-3 2
INFO103 Informasjon og kunnskap 5 2-3 2
INFO262 Interaction Design 10 2-3 2